Det er ikkje lenger nok å tilby jobbar – stadane må også by på fleire kvalitetar som gir det gode livet som framtidas innbyggjarar vil ha, skriv Ingvild Gjerdset (f.v.), Grete Kongshaug og Ola Hjelen.

Det er ikkje lenger nok å tilby jobbar – stadane må også by på fleire kvalitetar som gir det gode livet som framtidas innbyggjarar vil ha, skriv Ingvild Gjerdset (f.v.), Grete Kongshaug og Ola Hjelen.

Foto: Per-Kristian Bratteng / Møre og Romsdal fylkeskommune
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Vi treng attraktive byar og stadar som trekk folk

Attraktive byar og tettstadar er eit konkurransefortrinn i kampen om arbeidskrafta fordi folk i dag er opptekne av kva staden kan tilby.

I Distrikts-Noreg i dag er det ikkje mangel på arbeidsplassar, men på folk. Lenge har løysinga vore å reklamere for alle dei spennande jobbane regionen kan tilby, men det er grunn til å vurdere om andre grep må gjerast også.

Stadar med eigenart og identitet er eit konkurransefortrinn.

«Alt starter på bygulvet», skriv Rolf Thorsen, direktør for Polaris Eiendom, i ein kronikk. Han utdjupar slik: «Vi må snakke mer om bygulvet vårt! Det er dette gulvet som er selve suksessformelen for moderne byutvikling.»

Bygolvet er romma mellom husa i sentrum: Gater, fortau, torg, plassar og parkar, og førsteetasjane i bygningane.

Bygolvet speler ei vesentleg rolle for korleis byen blir brukt og opplevd. Dette er universelt, anten byen eller staden er stor eller liten. Sentrum som har lagt til rette for bruk og opphald for folk gir både betre vilkår for næring og handel, og stimulerer til betre folkehelse når vi beveger oss meir til fots og treff andre folk.

For å lukkast med dei gode byromma og dei attraktive og inkluderande byane, er arkitektur eit av dei viktigaste verkemidla vi har. Arkitekturen kan invitere til leik eller is på ein benk i sola når ho tittar fram, by på noko fint å kvile blikket på; bygningar, grøne vekstar, kunst eller utsikt til fjord og fjell. Den kan legge til rette for både dei tilfeldige, små møta mellom folk, og større arrangement, og har gjerne opne førsteetasjar med næring, tenester, kultur, bibliotek og andre tilbod.

Når byromma, bygningane og innhaldet speler saman oppstår magien. Den danske byplanleggaren Jan Gehl seier det så fint: «Ein god by er som ein god fest. Du blir der lenger fordi det er så kjekt å vere der.»

Har du tenkt over at byane og stadane som er mest populære å reise til, har sterk identitet? Sentrum som har historiske bygningar, er noko lunde like i høgde og volum, har harmonisk farge- og materialbruk og fine detaljar, appellerer til oss.

Å tørre å stole på eigne kvalitetar og dyrke eiga historie og særtrekk handlar derfor ikkje berre om estetikk og trivsel, det er også business. Identitet og tilhøyrsel speler inn på betalingsvilje for bustad, og påverkar innsatsen innbyggarane legg ned i lokalmiljøet sitt.

Det utfordrar identiteten når (ny)bygg ikkje speler på lag med staden. På sikt kan dette føre til at byens identitet blir borte. Enkeltståande bygg som ikkje speler på lag, vil konkurrere med kvarandre om merksemda. Enkeltbygg som er vesentleg høgare enn dei eksisterande, vil ikkje berre kaste lange skuggar, men også endre byens silhuett.

Manglande ivaretaking av heilskapen kan også føre til at bygolvet ikkje heng saman, og dermed blir mindre attraktivt for folk. Dette er viktige sider å tenke på for utbyggarane som bygger byen, og for kommunane som behandlar plan- og byggesaker. Kva tilfører nye prosjekt byen og sentrumslivet?

Arkitektur har gjennom historia vore nytta som uttrykk for (politiske) signal, og til dømes høgde på tårn og bygningar har vore nytta som uttrykk for makt.

I moderne tid er rådhus, konsert- og kulturhus eksempel på institusjonar vi har gitt sentral plassering og tyngde i bybildet, fordi vi ønsker at desse bygningane skal vere ekstra viktige i kraft av sin samfunnsfunksjon.

I Møre og Romsdal budde 74 prosent av befolkninga i byar eller tettstadar i 2023. Trenden er aukande, slik som i resten av landet.

Folk i dag vel i større grad enn tidlegare bustad der dei finn dei tilboda dei ønsker. Det er ikkje lenger nok å tilby jobbar – stadane må også by på fleire kvalitetar som gir det gode livet som framtidas innbyggjarar vil ha, slik som gode bumiljø, levande sentrumsområde med handel, nærings- og kulturliv, rekreasjon og ein enkel kvardagslogistikk.

Kva slags byar og tettstadar vi planlegg og utviklar, har dermed betydning for regionen si trekk-kraft på folk. Stadar med eigenart og identitet er eit konkurransefortrinn. Då må vi bry oss om heilskap, arkitektur og kulturarv.

Møre og Romsdal har vedteke mål om at vi skal ha attraktive byar og tettstadar. Fylkeskommunen kan bidra med råd, rettleiing og verkemiddel som støttar desse måla.