Kvifor folk flyttar frå dei store byane er ikkje så lett å seie, sjølv om det kan vere kjekt å spekulere, skriv Marit Melling.

Kvifor folk flyttar frå dei store byane er ikkje så lett å seie, sjølv om det kan vere kjekt å spekulere, skriv Marit Melling.

Foto: Kerstin Mertens / Samfoto
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Vi flyttar av fornuft – ikkje romantikk

Dei som flyttar til Distrikts-Noreg, er ikkje så opptekne av bonderomantikk. Arbeid er viktigaste motivasjon for å flytte.

Fleire flyttar frå dei store byane. «Gøy på landet», skreiv Aftenposten på leiarplass 20. august, etter å ha sett tala. Men aller mest ser dei ut for å vere glade for at det blir litt mindre folk i byen. Både Oslo, Trondheim, Stavanger og Tromsø hadde nedgang i folketalet i andre kvartal i år. Det er rett og slett fleire som flyttar frå enn til desse byane.

Vi skal ikkje lure oss sjølve til å tru at utflytting frå storbyen er eit nytt fenomen.

Samtidig fortel SSB at dei nærliggande kommunane har folketalsvekst. Dei fleste flyttar altså ikkje så langt. Mange har lyst til å vere nær byen. Kvifor dei flyttar er ikkje så lett å seie, sjølv om det kan vere kjekt å spekulere.

Snakkar vi om koronaflytting? Er folk redde for smitte i byen? Ser dei at dei kan jobbe meir på heimekontor og bu utanfor byen, men behalde jobben i byen, utan å måtte pendle kvar dag? Er det for dyrt å bu i byen? Er folk på jakt etter «det gode liv på landet»?

Vi skal ikkje lure oss sjølve til å tru at utflytting frå storbyen er eit nytt fenomen. Slik har det vore i fleire tiår. Ein av dei viktige skilnadane under pandemien er at den ikkje er kompensert med innvandring. Men innvandringa er på veg tilbake, og var i andre kvartal på nivå med tida før pandemien.

Telemarksforsking fortel oss at det ikkje er sikkert at den rekordhøge utflyttinga viser at folk ikkje lenger vil bu i storbyen. Arbeidsmarknaden i byane vart hardt råka av pandemien, så flytting kan også skyldast at folk har mista jobben. Her er det mykje å forske på i framtida.

Om ein tek vekk Oslo frå reknestykket, er det framleis eit sentraliserande flyttemønster: Tendensen er at folk flyttar frå mindre sentrale til meir sentrale plassar.

Er då slaget tapt for dei minst sentrale kommunane? Skal sistemann sløkke lyset når hen går?

Nei, slik er det ikkje. For ein ting har alle kommunar i landet til felles: Nye innbyggarar. Absolutt alle kommunar i Noreg fekk nye innbyggarar i 2020. Utsira fekk 11. Nesseby fekk 40. Engerdal fekk 49. Oslo fekk 33.318.

Frå akkurat desse fire flytta fleire derifrå enn dei som kom, men det er ikkje hovudpoenget. Alle fekk nye innbyggarar. Som stiller med naudsynt arbeidskraft. Som stiller med nye idear. Som kan bli trenar i idrettslaget eller synge alt i blandakoret. Som kan velje å bli buande. Om kommunen, næringslivet, organisasjonslivet og folk flest tek vare på dei.

Grunnen til at 19-åringen flytta til byen var kanskje ikkje berre å vere nær studiar og jobb, men å møte nye vener, gå på kafé og oppleve noko nytt. Når vi no går tilbake til normalen og endeleg kan gå på kino og spele innebandy, får vi verkeleg sjå om bygda har klart å gjere seg lekker for folk som har tatt pause frå bylivet for å prøve distriktslivet.

Kva møter den nye innbyggaren i ein norsk distriktskommune? Ein velfungerande bustadmarknad? Er det lett å få tak i jobb til to? Er det lett å finne ut av og få innpass i fritidsaktivitetane?

Kommunen har ein viktig rolle. Dei kan samordne og samarbeide for å legge godt til rette for den nye innbyggaren. Men dei får det ikkje til aleine. Nærings- og organisasjonsliv må hjelpe til. Saman kan dei legge til rette for å bygge den stadtilhøyrsla som skal til for at dei som kjem flyttande blir buande.

I Distriktssenteret har vi sett at det er den innsatsen som har mest for seg; innsatsen for å skape blilyst og bulyst. Slik innsats er ikkje berre positiv for dei nytilflytta, men også dei som har budd lenge på plassen. Innsatsen for å få folk til å komme flyttande er det mykje vanskelegare å få god effekt av.

Det er mange måtar å ta tak i denne utfordringa på. Men uansett kva ein tek tak i, er det viktig å hugse på eit par ting: Du får ikkje effekt med ein gong. Ting tar tid, og arbeidet må vere langsiktig. Det finst heller ikkje ei saliggjerande løysing som får folk til å bli.

Bustadmarknaden er ei utfordring som ikkje berre handlar om dei som er nytilflytta, men også dei som har budd heile livet i same bygda. Ungdommen i Distrikts-Noreg seier dei ikkje veit nok til å oppdage at det er spennande jobbar der dei bur. Her har kommunane i samarbeid med næringslivet eit stort handlingsrom.

Dei som flyttar til Distrikts-Noreg, er ikkje så opptekne av bonderomantikk. Dei flyttar ikkje for idyllen sin del. Arbeid er viktigaste motivasjon for å flytte. Dei flyttar fordi dei meiner det er eit fornuftig val som dei har moglegheit til og som gir dei moglegheiter.

Trua på at det er mogleg å gjere karriere og samtidig vere nær familie og vener kan vere ein viktig motivasjon for å flytte lengre frå Oslo enn til Ski, Lillestrøm eller Jessheim.