Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Tapte jorde

Om norsk jordbruk skal halde oppe sjølvforsynings-grada, ja, endå auke produksjonen, trengst det ei nysatsing og ei styrking av den landbruksfaglege kompetansen i kommunane.

På landbruks-kontora kring i kommunane set dei Ås-utdanna agronomane og registrerer vassjuk jord for statistikken, utan å kunne gjere anna enn å uroe seg.

For ei tid sidan sat eg og høyrde på radio. Der hadde ein flokk politikarar og nokre sentrale landbruksbyråkratar samla seg ein stad på sentralaustlandet. Dei hadde stira seg så forbitra på eit kornjorde som skulle leggast under asfalt, at dei mest ikkje greidde å snakke reint.

Men det som aldri vart sagt på radioinnslaget, og som mest aldri heller vert nemnt i tilsvarande nyhendeoppslag, er at bak ryggen på delegatane, bak ryggen på landbruksbyråkratane og politikarane som rettar all sin merksemd mot flatbygdene austanfor, Trøndelag eller Jæren, har nær ein kvart million dekar jordbruksareal gått ut av produksjon berre dei siste 15 åra. For tapet av jordbruksareal, i absolutte tal, er størst i dei tre vestlandsfylka våre frå Hordaland i sør til Møre og Romsdal i nord.

Ser me på det prosentvise tapet, legg også Troms og Finnmark seg i hop med vestlandsfylka, som alle har tapt 10 prosent eller meir av den matjorda dei hadde i år 2000. Til saman har altså nær 250 tusen dekar – over halvparten av all jorda som har gått tapt dei siste 15 åra – blitt tappa frå desse fem fylka våre.

Årsaka er at innanfor dagens landbrukspolitiske regime har bøndene ikkje greidd å gjere det verken økonomisk eller sosialt berekraftig å drifte jorda i bratta og på småplassane lenger.

Så mens delegasjonen på radioen forargar seg over dei lokale politikarane sin veikskap i møte med handelsstanden, ein veikskap som skaper ein politikk som formeleg «et» matjord til frukost. Er ingen av dei i stand til å sjå at også den landbrukspolitikken som kvar av dei er med og forvalte, også har matjord på menyen?

Dei siste åra har landbrukspolitikken – under mantraet større og færre – forsynt seg med nær 1 prosent av matjorda kring om i brattlandet og småplasslandet langs Kyst- og Fjord-Noreg kvar år.

Om norsk jordbruk skal halde oppe sjølvforsyningsgrada, ja, endå auke produksjonen for å halde tritt med folketalsveksten – slik målet er i den enno gjeldande jordbruksmeldinga – trengst det ei nysatsing og ei styrking av den landbruksfaglege kompetansen kring om i kommunane.

For der dei små jordlappane ligg spreidd utover i landskapet – mellom kampesteinar, djupmyrer og skogkrullar – er jamt meir areal prega av gjengroing og vanskjøtsel. Det finst eit hundretal slike grender kring om i landet, men enno har dei fleste ei von att. For mest alle grendene har ein eller to bønder igjen som gjerne kunne tenkje seg å drive arealet som ligg til grannane sine nedlagde småbruk – men ein ting er å ville det, ein annan ting er å få lov.

Det finst eit utal av grunnar for at bønder lyt køyre kilometervis til nabogrenda for å hauste gras, endå det finst rikeleg med gras i nabolaget. Og kanskje finst det fleire grunnar for at dei lyt køyre milevis med små- og storfe i dyretransport etter riksvegane for å finne beite. Og grunnane ber på ein fellesnemnar: Dei er sosiale og kjenneteikna av det me sosiologar kallar sosiale feller.

Kanskje ligg det konfliktar i botnen, konfliktar som hindrar effektiv organisering av ulike interesser. Dei kan vere konkrete og tufta på røynsler, som med husdyr som har brote seg ut og forsynt seg av prydbuskene ein gong eller to for mykje, eller litt for sterkt gjødsellukt ein 17.-maimorgon.

Eller dei kan vere langt meir diffuse og stamme frå generasjonar attende i tid, så langt attende at alle har gløymd opphavet til dei, men likevel ikkje lenger enn at alle veit dei finst. Uansett så lid store delar av jordbruksarealet vårt av at me ikkje greier å få til ei sosial organisering i grendene som sikrar effektiv bruk av arealet til matproduksjon.

Og på landbrukskontora kring i kommunane set dei Ås-utdanna agronomane og registrerer vassjuk jord for statistikken, utan å kunne gjere anna enn å uroe seg. For dei veit ikkje korleis dei skal ta tak i dei fastlåste sosiale fellene, dei har ikkje kompetanse i sosial samhandling, konflikthandtering eller mekling. Og ikkje vågar dei å «rote» seg inn i kinkige situasjonar som dei ikkje eingong har mandat til å blande seg i.

Delegasjonen på radioen fører ein viktig kamp mot asfaltering av kornjord, men eg skulle ønskje dei også hadde løfta blikket. For det er nett dei som kan opprette nokre stillingar med kompetente folk som kan gå inn i bygdesamfunna og løyse opp dei sosiale stengsla som ligg der og hindrar bruk av god jord til matproduksjon. Det er nett dei som kan syte for å gi mandat til jordbrukssjefane i kommunane og fylka til å gripe inn og pålegge grunneigarane i grendene til å lage felles forvaltingsplanar for matjorda som sikrar effektiv produksjon.

Det var berre det eg ville seie, for denne gong.