Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Rådhuset er langt fra Borgen

Her er mitt djupt personlege forsvar for alle ærlege kommunepolitikarar ute på forblåste nes eller nede i våte dalar.

I vinter var me mange som sat klistra til skjermen og såg Birgitte Nyborg som dansk utanriksminister klamre seg til makta med middel som ikkje var meint for dagslys. Nyborg i den danske serien Borgen var i siste sesong meir oppteken av å halde på sin eigen posisjon enn å kjempe for det ho meinte var rett politisk. Ho hadde forlate idealismen frå dei tidlege episodane og var blitt korrumpert av makt.

Det er nok langt vanskelegare å drive med korrupsjon enn mange trur.