Skal kommunane vere gode samfunnsutviklarar og gi likeverdige velferdstenester også i framtida, må det byggjast eit lag rundt kommunen som den sentrale aktøren i forvaltninga.
Det er ei kjent problemstilling at den demografiske utviklinga har som konsekvens at det stadig blir færre som skal arbeide, og fleire som skal leve av opparbeidde trygderettar. Forsørgarbrøken vil endre seg sidan det blir færre barnefødslar og levealderen aukar.
Det nyttar ikkje lenger å rope på meir arbeidskraft i alle sektorar, for denne vil vi ikkje finne.