Illustrasjon: Sven Tveit
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Kunsten å tape

Det er i nederlagstimen vi ser demokratiet på sitt aller vakraste.

Tenk deg tanken: Vi er allereie langt inne i tysdag 14. september 2021, og etter ei nervepirrande oppteljing, veit vi endeleg utfallet av stortingsvalet dagen i førevegen. Den raudgrøne opposisjonen har vunne fleirtal, om enn med knappast mogleg margin, og utan at dei raude og grøne partia har vunne eit fleirtal av veljarane.

Å vere ein god vinnar, krev i grunn ikkje så forbaska mykje.

Så, klokka 2 på natta, går statsminister Erna Solberg på talarstolen, men slett ikkje for å vedgå nederlaget. Nei, ho erklærer tvert imot sjølvsikkert at det er ho og hennar støttespelarar som eigentleg har vunne valet.

Og så fortel ho indignert om ein opposisjon som systematisk har loge og svindla seg til valsiger. Ho fortel om ei vallavvikling full av overtramp, og om eit valsystem som gjer mindretal til fleirtal, og derfor undergrev dei mest basale krav til demokrati.

Regjeringa har ingen planar om å gå av, konkluderer Solberg. For kvifor i alle dagar skulle ho rette seg etter eit ulovleg valt storting?

Reaksjonane frå opsjonspartia vitnar om sjokk og sinne. Allereie dagen etter munnar demonstrasjonane ut i valdelege samanstøytar, og dei neste vekene kan skriv aviser verda over om generalstreikar og massearrestasjonar i det ein gong så fredelege landet i nord.

Er dette eit truverdig scenario? Nei, heldigvis ikkje. Få av oss er vel det minste i tvil om at Erna Solberg ville belite seg, som bergensarane seier, om ho kom i ein slik situasjon. Men utvidar vi synsfeltet både i tid og rom, ser vi at politiske kupp av denne typen er alt anna enn unormalt.

I 2014 analyserte professor Adam Przeworski ved New York University meir enn 3.000 politiske val verda over frå dei føregåande 226 åra. Han konkluderte med at fredelege maktovertakingar i etterkant av demokratiske val faktisk er eit nokså sjeldan fenomen.

Rett nok hadde bildet endra seg til det betre over tid, men av alle verdas land fanst det framleis heile 68 der innbyggjarane aldri hadde opplevd at taparen i eit val lojalt retta seg etter domen frå veljarane, og slapp dei rettkomne, nye makthavarane til.

Eit politisk system der veljarane har det avgjerande ordet, lagar nemleg ikkje seg sjølv. Som Przeworski konstaterte: Det avgjerande for at valtaparane frivillig skal gi seg frå makta, er at dei kjenner seg trygge på at dei ikkje utset seg for nokon risiko, og at dei vil få tilbake makta om dei vinn fleirtal att ved etterfølgjande val. Du kastar inn handkleet, fordi du kjenner deg trygg på at motstandaren din ville ha gjort det same om vedkommande var i same situasjon.

Eit system med ordna og fredeleg maktoverføring er med andre ord avhengig av gjensidig tillit. Som vi alle veit, kan det ta mykje tid og hardt arbeid å byggje opp tillit, i alle høve i stor målestokk. Å øydelegge eit slikt tillitsforhold, kan derimot skje uhyggeleg raskt.

Straks etter det amerikanske presidentvalet tidlegare i haust, begynte ein video å sirkulere på nettet. Videoen var frå 2008, og synte den dåverande republikanske presidentkandidaten John McCain halde det amerikanarane kallar ein concession speech for partifellane sine, altså ei tale der han vedgjekk valnederlaget og gratulerte sigerherren.

Tala var stor statsmannskunst, og McCain gjekk mykje lenger enn han måtte i å uttrykke respekten han hadde for overmannen sin, Barack Obama, og å mane tilhengjarane sine og alle amerikanarar til samhald på tvers av partigrenser. Kontrasten til orda vi har høyrt frå det kvite huset 12 år seinare, kunne knapt ha vore større.

Det som har skjedd og som enno skjer i det som ein gong vart omtala som World’s Greatest Democracy, er ei nyttig påminning til oss alle. Demokratiet er eit avansert og sårbart maskineri, det krev jamleg vedlikehald og fornying, og vi har ingen garantiar for at kampen om den politiske makta vil gå føre seg i ordna former for all framtid.

Sjølv ikkje her til lands er vi immune mot manipulering og hatsk retorikk. Vi har ingen garantiar for at vi alle klarar å underordne oss eit system og eit fellesskap som er større enn oss sjølve, og som krev at vi tek eit steg til sides og slepp dei andre til når spelereglane tilseier at det er deira tur. Om tilliten vi har til kvarandre og til systemet forvitrar, står vi alle att som taparar.

Demokratiet byr både på gode og tunge stunder. Visst kan det vere rørande når valvinnaren entrar talarstolen til stor jubel, takkar medarbeidarar for innsatsen, gjentek ambisjonane for dei neste fire åra, og uttrykker vilje til sakleg samarbeid med opposisjonen.

Men å vere ein god vinnar, krev i grunn ikkje så forbaska mykje. For demokratiet er det endå meir verdifullt at vi har politikarar som meistrar rolla som gode taparar. Derfor vil eg at vi alle skal innsjå verdien av politikaren som meistrar kunsten å tape – som resignert, skuffa, men lojalt bøyer seg for systemet, gratulerer vinnaren, og lovar å komme sterkare tilbake neste gong.

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.