Illustrasjon: Sven Tveit
Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

I år går klimatoget!

Inga sak er større og viktigare ved inngangen til 2020 enn kampen for å bremse klimaendringane. Året har starta med stormar og nye varmerekordar i Noreg, og med skogbrannar av ufatteleg omfang i Australia.

Trygve Slagsvold Vedum si dieseldrivne bygdekommune er rett og slett ingen verande stad i framtida.

Skal oppvarminga av jorda avgrensast til 1,5 grader, må klimautsleppa reduserast med 7,5 prosent kvart einaste år mellom 2020 og 2030. I 2050 må dei vere null.

Samtidig er 2020 det fyrste året Noreg for fullt er med i den felles europeiske klimapolitikken – på alle område av samfunnet. Det forpliktar, og vil bety eit heilt anna trøkk i norsk klimaomstilling i åra framover.

Samtidig med dette, skal 356 norske kommunar det neste året vedta ein strategi for å rigge sitt lokalsamfunn for framtida: Samfunnsdelen av kommuneplanen.

I løpet av 2020 blir i praksis vegen fram mot 2030 blinka ut for alle norske lokalsamfunn – inkludert ambisjonar og strategiar for klimaomstilling. Resten av kommunestyreperioden skal, i alle fall i teorien, i stor grad handle om å gjennomføre strategiane ein meislar ut no i 2020.

Mi største frykt for det samfunnsplanarbeidet norske kommunar no skal inn i, er at klimasaka blir ei ny sak som splittar by og land, ved at storbyane i raskt tempo «girar om» til ei klimanøytral framtid, mens distriktskommunane sit passive att på sidelina – i verste fall aktivt romantiserer og hegnar om den fossile fortida.

Eg sit som nyvald ordførar i ein distriktskommune – Stad i Nordfjord, lengst nord i Vestland. Vi har sett oss like høge klimamål som Vestland fylke og vår storby Bergen: Vi vil bli klimanøytrale innan 2030.

Og for å vere ærleg: Vi gjer det ikkje berre fordi det er viktig for klimaet. Men også fordi å sette fart mot eit klimanøytralt samfunn er den sterkast tenkelege drivaren for nødvendige samfunnsomstillingar for at vår kommune skal henge med i utviklinga, og bli ein attraktiv framtidskommune å bu i for dei som er born og unge i dag.

For kva handlar klimaomstilling av ein distriktskommune om i praksis? Vel, det handlar ikkje om symboltiltak som å erstatte kol og olje med fossilgass, eller seie nei til å sleppe cruiseskip inn i norske fjordar slik at dei er «ute av syne, ute av sinn». Nei, det handlar om ein storstilt samfunnstransformasjon og eit fullstendig teknologiskifte.

Det handlar om å utvikle «kortreiste bygdesamfunn» der funksjonane ligg tett på, er smart organisert og gjer det mogleg å erstatte bilbruk med sykkel og gonge i kvardagen.

Det handlar om å utvikle digitale løysingar som reduserer transportbehovet over lengre avstandar.

Det handlar om å bygge ut ladestasjonar og annan infrastruktur for nullutsleppstransport som fullt ut kan erstatte dagens fossile bilar og båtar.

Det handlar om å utvikle nye, meir fleksible og smart organiserte former for kollektivtransport.

Det handlar om å utvikle strategiar for eit reiseliv med nullutslepp og berekraft, og om å legge til rette for eit klimavenleg og grønt kosthald med kortreist, sunn mat – som både er bra for klimaet og gir høgare lokal verdiskaping.

Og det handlar om å samarbeide meir med lokalt næringsliv. Næringslivet er jamt over komne mykje lenger enn mange politikarar i å forstå kva klimaomstillinga handlar om, og norsk næringsliv er på mange område er verdsleiande i å utvikle den nye teknologien som no trengst.

Alt dette er bra for klimaet, det er bra for lokal verdiskaping – og det gjer lokalsamfunna våre meir attraktive å bu i for dei som er born og unge i dag.

Vi kan som lokalpolitikarar sjølvsagt ty til standardsvaret om at vi må vente med å satse på klimaomstilling til staten har fått para beina og opna pengesekken. Vel – vi skal sjølvsagt sette krav til at staten også stiller opp. Men det er inga unnskyldning for å vente.

Det er no i 2020 planane for framtida blir lagt – og det er vi i kommunane som er «endringsagentane». Det er vi som kan eksperimentere fram klimaløysingar som verkar og kan kopierast og dimensjonerast opp – slik til dømes vi i Eid kommune har gjort gjennom å utvikle ny teknologi for å hente varme og kjøling frå fjorden (Fjordvarme), slik Vestland fylke no gjer med å gå i bresjen for ny hurtigbåtteknologi, slik Kristiansand har gjort ved å bygge landstraumanlegg for cruiseskip, og slik Røros no gjer ved å lage Noregs mest gjennomarbeidde berekraftige reisemål.

Å henge att i klimaomstillinga er livsfarleg for Distrikts-Noreg. Eg ser med uro på at vi enno har «svarte dinosaurar» i norsk nasjonal politikk som Sylvi Listhaug (Frp) og Trygve Slagsvold Vedum (Sp) som går i bresjen for ein klimaskepsis der dei skyv Distrikts-Noreg føre seg.

Trygve Slagsvold Vedum si dieseldrivne bygdekommune er rett og slett ingen verande stad i framtida. Det vil vere ein kommune dagens born og unge ikkje vil bu i når dei blir vaksne.

Klimautfordringane krev handling no. Og dei som er tidleg ute, får i dei fleste tilfelle rikeleg betalt i den andre enden. Velkommen om bord på klimatoget i Kommune-Noreg i 2020!