Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Gjer vi det for vanskeleg å hjelpe barn og unge?

Vi står i fare for å sjukleggjere normale reaksjonar på livshendingar i barn og unge sine liv. 

Korleis styrke barn og unge si psykiske helse, og korleis møter vi dei som strevar?

Det er eit stort spørsmål som det sjølvsagt finst mange ulike svar på. Eg skal ikkje gi meg ut på ei forenkla framstilling av eit komplekst og alvorleg spørsmål. Vi ser ein auke blant barn og unge som seier at dei har psykiske utfordringar, og dette er urovekkjande. Sidan barn og unge si psykiske helse er eit tema som opptar mange, kan det kanskje vere av interesse å høyre kva utsiktspunkt ein kommunedirektør har.