Illustrasjon: Sven Tveit
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Kronikk
Meninger i kronikker står for skribentens regning.

Éi krise – 356 ulike svar

Krisa er her, og ho slepp ikkje taket med det fyrste. Kva slags kommunar er det som skal hjelpe oss over til den andre sida: Dei lydige eller dei kreative?

Eg er ikkje typen som likar å drive med svartmåling, men no har eg ikkje lenger noko val. Sommarens familietur til USA er lagt på is, og prosjekt husfornying er til gjengjeld påskunda med eit par år. 60 liter måling av den tjøresvarte og ekstra robuste typen skal opp på veggane i vekene som kjem. Ein er jo stort sett heime likevel.

Eg trur at krisa i aukande grad vil krevje differensierte svar og løysingar.

Sidan Høie stengde kontoret mitt den 12. mars, har eg opphalde meg mindre enn 40 meter frå mi eiga stue om lag 93 prosent av tida, syner eit kjapt estimat. Det er ein bitande ironi: Vi er innhenta av ei global krise, men for dei fleste av oss inneber dette at området vi forflyttar oss i, er mindre enn nokon gong.

Når verda går av hengsla, er vi då også ekstra sårbare om dei nære ting – rammene kring dagleglivet og lokalsamfunnet – klappar saman.

Midt oppe i koronakrisa har vi markert at det er 80 år sidan det tyske åtaket på Noreg. Sjokket i april 1940 var naturlegvis òg ei prøving for kommunane. Med ei statsmakt sett ut av spel, var det opp til dei lokale styresmaktene å handtere dei mest brennande spørsmåla, som best dei kunne.

Kommunens folk trykte pengesetlar, innførte makspris på mjøl, skaffa bombeoffer tak over hovudet, eller skreiv ut arbeidskraft til festningsanlegg etter krav og truslar frå den lokale tyske kommandanten. Og etter nokre veker, som eit teikn på den nye normaliteten, måtte lokalpolitikarane handsame dei fyrste søknadene om løyve til å halde villagris.

Krigsreferansane har stått i kø denne våren. Fleire gonger har vi fått høyre at tiltaka som er sette i verk som følgje av koronakrisa er dei strengaste sidan den andre verdskrigen. Fienden står i landet, beredskapen har på avgjerande punkt vist seg å vere for svak, og vi vert minna om at det trengst samhald og personlege oppofringar for at sigeren skal vinnast.

Likevel skal vi vere varsame med å trekke likskapen mellom 2020 og 1940 for langt. I dag finst ikkje noko maktvakuum. Statsmakta er intakt, og i timelange direktesendingar har ministrar og fagfolk dag etter dag informert og inspirert; trøysta og kommandert.

Ja, staten er synleg. Staten talar til oss, og staten handlar.

Kvar er så kommunane i dag? Ingen har trykt opp nødpengar, så langt eg har fått med meg. Det er likevel ingen tvil om at dei er viktige, og møter krisa på brei front, for å vareta liv, helse og velferd.

Ikkje alle lokale krisetiltak har vore like verdsette frå sentralt hald, og det gjeld fyrst og fremst dei lokale karantenereglane som vart vedtekne på basis av smittevernlova: Søringkarantente, lokale hytteforbod og andre kommunale inngrep i individuelle fridomar skapte til dels sterke reaksjonar.

Tiltaka for å verne eigne innbyggjarar mot smitte utanfrå var altfor drakoniske, hevda kritikarane. Lokale regler må stå i forhold til måla for tiltaka, åtvara helseministeren få dagar etter stenginga, og refsa – rett nok i så milde ordelag at det nesten kunne høyrest ut som skryt – kommunane for å hindre forsyningar og andre kritiske samfunnsfunksjonar.

Eg vil i hovudsak tru at det har vore fornuftig at kampen mot krisa i den innleiande fasen var sterkt sentralisert og standardisert. Sjølv om eg kan lite om smittevern, har eg forstått verdien av at vi alle sluttar rekkene. Om mange nok tenker at reglane gjeld for alle andre enn ein sjølv, går dette gale.

Hytteforbodet var kanskje kategorisk, men nettopp av denne grunnen var det fornuftig. I teorien kunne ein kanskje ha tenkt seg at staten over natta hadde forma ut finmaska reglar for kven som ut frå smittefaglege omsyn burde ha lov til å reise på hytta, men risikoen hadde då vore høg for at legitimiteten til – og viljen til å etterleve – reglane hadde vore langt lågare. Det er lettare å innordne seg når det er likt for alle.

Kommunane og dei kommunale institusjonane har vore effektive utøvande ledd i ein nasjonal kommandostruktur, og det må dei framleis vere, ikkje minst når tilbakeslaga kjem.

Men vi går inn i ein ny fase, kjenneteikna av den seige kampen for å vinne tilbake kvardagen. Denne kampen vil for ein stor del vil handle om å finne balansen mellom smittevernomsyn og omsynet til å få næringsliv og samfunnsliv i gjenge att. Noreg er eit mangfaldig land, og det er slett ikkje sikkert at balansepunktet er det same i Oslo som på Fedje eller i Gamvik.

Eg trur at krisa i aukande grad vil krevje differensierte svar og løysingar, og desse er det i fyrste rekkje lokalpolitikarar og lokale fagfolk i 356 kommunar og ti fylkeskommunar som må gje oss.

Vi treng framleis dei lydige kommunane, men vi treng i endå større grad dei kreative kommunane, som i nært samarbeid med innbyggjarar, næringsliv og andre lokale aktørar finn vegen ut av krisa.

.....

Kronikken var ferdigstilt ved inngangen til mai, før gjenopninga.