Seksbornsfar vil samle nye Sogndal

Kommunevalget 2019. Den nye Sp-ordføreren i Sogndal gler seg til å utvikle kommunen gjennom å legge til rette for næringsliv og gründerverksemd.
Dei avtroppande Ap-ordførarane i Leikanger, Sogndal og Balestrand (Jan Håkon Odd, Jarle Aarvoll og Harald Offerdal) overrekk nytt ordførarkjede til Senterpartiets Arnstein Menes etter valet, som blir ordførar i nye Sogndal. Foto: Joakim S. Enger

Om lag ein tredel av de nyvalde ordførarane er heilt nye i vervet. Møt nokre av dei i denne serien fram til nyttår.

Arnstein Menes (Sp)

Ny ordførar i nye Sogndal, kor Sogndal, Leikanger og Balestrand går saman.

43 år, gift, seks born.

Utdanna adjunkt.

Har jobba som rådgivar ved Høgskulen på Vestlandet.

12 år i kommunestyre og formannskap i Balestrand, fire som varaordførar (2011–2015).

 

1 Kvifor vil du bli ordførar?

– For i fellesskap med andre å kunne påverke og utvikle kommunen eg bur i.

2 Kva vil du gjere for å lukkast best mogleg i vervet?

– Legge opp til ein open og inkluderande politisk kultur, der me alle dreg i same retning. Dette skal gjerast gjennom ei open og god forvaltning og gjennom tydeleg politisk leiarskap basert på dialog med kommunestyret og innbyggjarane.

3 Kva gler du deg mest til?

– Til å kunne utvikle kommunen, gjennom å legge til rette for næringsliv og gründerverksemd, skape gode oppvekstvilkår og sørge for ei god bustadutvikling i heile nye Sogndal.

4 Kva er du mest spent på?

– Å få arbeide saman med dei mange flinke og engasjerte tilsette og politikarane i kommunen.

5 Kva er den største politiske utfordringa i din kommune?

– Å skape utvikling og vere ei drivkraft i regionen, samtidig som me må ta vare på tenestetilbodet i heile kommunen.

6 Kven vil du helst skal flytte til kommunen din og kvifor?

– Me tek imot alle. Men gjerne småbarnsfamiliar som ønsker ein kommune som tilbyr gode oppvekstvilkår og ein spanande og variert arbeidsmarknad.

7 Kva likar du å gjere i fritida?

– Jakt, friluftsliv og bridge.

8 Fortell noko om deg sjølv som ikkje alle veit?

– Eg er Leeds-supporter.

Flere artikler om
Emner

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.