Kvar dag går kjøkkensjef Espen Sætha ved Sundheim bo og treningssenter på Vinstra ein runde på avdelingane for å snakke med bebuarane om maten den i har fått og mat dei skal få. Foto: Britt Glosvik
Kvar dag går kjøkkensjef Espen Sætha ved Sundheim bo og treningssenter på Vinstra ein runde på avdelingane for å snakke med bebuarane om maten den i har fått og mat dei skal få. Foto: Britt GlosvikBritt Glosvik
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Spreier enkel matfilosofi til heile kommunen

Før han var 30 år blei Espen Sætha Nord-Frons «masterchef». God, næringsrik mat og ein dose god kjemi med kommuneleiinga er hans oppskrift.

Espen Sætha

Tittel: Kjøkkensjef ved
Sundheim bo- og treningssenter
i Nord-Fron

Alder: 30 

Utdanning: To år på kokkelina på vidaregåande, to år læretid på Gjendesheim. Kjøkkensjef på Wadal Høgfjellshotell før han begynte som kjøkkensjef på Sundheim i 2014.

Juryens grunngjeving

Han deltek og inspirerer på eit viktig felt. Sætha leier eit kjøkken som skapar matglede i praksis. Han pratar dagleg med dei eldre, spør kva dei ønsker og korleis maten smakte. Han ivrar for bruk av lokal mat, samtidig som han byr på nye smakar. Sætha ønsker å utvikle kjøkkenet på bo- og treningssenteret til ein ressurs for heile kommunen. I sommar opna han restaurant for alle på kommunehusets terrasse. Han har også idear om å levere mat til barnehage og skule. Bo- og treningssenteret han jobbar ved, fikk prisen Gylne måltidsøyeblikk i fjor.

– Min filosofi er at bebuarane på sjukeheimar og institusjonar fortener god og næringsrik mat. Det er grunnpilaren eg jobbar ut ifrå, seier Espen Sætha.

Det var då Sætha jobba på hotell at han blei lysten på å jobbe på institusjon. Han såg medieoppslag om maten enkelte eldre blei servert og tenkte at dei fortener betre. Derifrå var vegen til Sundheim i heimbygda Vinstra kort. Han var 27 år då han blei kjøkkensjef på institusjonen.

Sundheim bo- og treningssenter har 78 bebuarar. Rundt hundre heimebuande, og 40 bebuarar i omsorgsbustadar får middagen sin frå Sundheim. I 2016 blei det laga 9.600 middagsporsjonar på kjøkkenet. I tillegg er kantina på kommunehuset underlagt kjøkkenet der det er 13 tilsette med vikarar. Arbeidsstokken hadde vore stabil i mange år før Sætha blei tilsett. 

– Det er ein kjempedyktig gjeng her, men eg kjende nok at dei var veldig klare for å få inn ein kar her. Det er lærerikt å komme i ei leiarstilling i så ung alder. Vi spelar kvarandre gode. Eg lærer dei det eg har lært frå hotell og dei lærer meg om institusjon. Det er ikkje så stor forskjell som mange trur. Største forskjellen er at her må vi tenke meir på diettar og korleis råvarene blir behandla. Vi serverer også hjorteflatbiff og indrefilet.

Nord-Fron arrangerer byfest ein gong i året. I sommar var Sætha og kjøkkenet på Sundheim primus motor for ein todagars restaurant til rundt 300 gjestar på taket av kommunehuset. På fredagen serverte dei biff og på laurdagen var det á la carte. 

– Det er mykje logistikk som skal til for å bygge ein restaurant for ei helg, men det er viktig å vise ut i samfunnet kva vi jobbar med til vanleg. Og så var det jo ein baktanke med arrangementet.

Slik stemmer du

Slik stemmer du på Sætha: Send kodeord Leder 1 til nr 2377. Kvar stemme kostar 3 kroner.

– Baktanke?

– Gjestane betalte som på ein vanleg restaurant – så kanskje ville det drype litt på bebuarane på Sundheim. Og det gjorde det. Det blei att både mat og godt drikke.

– Ser dei tilsette

I ein epost til Kommunal Rapport kan ikkje einingsleiar Hanne K. Kvamme i Nord-Fron få rost Sætha nok.

«Han evnar å sjå dei tilsette, ikkje berre dei han er direkte leiar for, men også andre tilsette. Han er real, står for det han seier, men er samtidig lojal overfor det som blir bestemt høgare opp. Det er bra for personalgruppa at han er ung. Han tenker nytt og torer å prøve nye ting». 

Sætha sjølv fortel at det sjølvsagt kan vere nokre utfordringar som ung, men at han hadde rekna med meir motbør enn han har møtt.

– Når ein respekterer sine tilsette og spelar på lag, så får ein att i andre enden. Eg har god kjemi både med kommuneleiinga og einingsleiar. Og så vann vi jo denne prisen.

Gylne måltidsøyeblikk

I 2016 vann Sundheim prisen Gylne Måltidsøyblikk som Landbruksepartementet og Forbrukarrådet står bak. I grunngivinga frå juryen heiter det blant anna: 

«….Kjøkkenet ser ut til å være institusjonens hjerte både for de som bor fast der, de som kommer fra omsorgsboligene rundt og de som bruker stedet som sin kantine. Kjøkkenet er en ressurs i lokalsamfunnet. Kjøkkensjef Espen Sætha er en ildsjel…»

– Prisen var eit resultat av godt samarbeid, seier ildsjela. Så fekk vi veldig mange gode tilbakemeldingar på bygda kor artig dette var. Kommuneleiinga gratulerte oss og synte at dei sette pris på prisen. Prisen gjev kommunen eit godt omdømme. For min del var dette eit stolt øyeblikk. Det var på ein måte eit mål som blei huka av.

– Kva er neste mål?

– Vi må strekke oss vidare. Alltid kan ting gjerast betre. Men også vi har våre dagar der vi ikkje har hundre prosent klaff med maten, men det går stort sett veldig bra.

– Menyen i dag går bra?

– Ja, det gjer den nok. I dag blir det spekesild og mjølkesuppe.