Ein må vera både naiv og uvitande om kommunal budsjettbehandling dersom ein trur at dokumentasjon ved innføring av enkeltvedtak for tenestetilbod i sjukeheim vil kunne føre til auke i personalressursar, skriv Odd-Roe Skogen.

Illustrasjonsfoto: Magnus Knutsen Bjørke
Debatt

Tendensiøst og villeiande om sjukeheimsplass

Eg har til no sett stor pris på det Wenche Malmedal har skrive og presentert. Men kronikken «Om å reise uspesifisert til Syden» er så tendensiøs og villeiande, og med faktisk feilinformasjon, at det skremmer meg.

Det gjer ikkje saka betre at Malmedal knyter meiningane sine til vedtaket i Pensjonistforbundets handlingsprogram 2018–2021 om å få «Rettighetsfestet at helse- og omsorgstjenester for den enkelte beboer på sykehjem skal være omfattet av vedtak, på samme måte som beboere i omsorgsboliger med heldøgns omsorgstjenester».

I kronikken blir det presentert seks kulepunkt som grunnlag for vedtaket. I kulepunkt to vert det sagt at bebuar då vil få «videreført tidligere vedtak og beholde tjenester beboeren hadde før flytting til sykehjem».

Dei aller fleste får tildelt sjukeheimsplass når tilbodet i heimebasert omsorg av ulike grunnar ikkje lenger er fagleg forsvarleg. Det er då sjølvsagt at etablerte enkeltvedtak ikkje berre vert vidareført, men også supplert ved innlegging i sjukeheim.

Dette skjer i dag ved utarbeiding av individuell plan ved sjukeheimslege/ansvarleg sjukepleiar i samråd med pasient/pårørande. Den er ikkje målretta og individuell berre på dette tidspunktet, men blir vurdert ved dagleg pasientobservasjon og «tavlemøte» som grunnlag for eventuell justering, supplering og dokumentasjon under opphaldet.

Den individuelle tilnærming i omsorg og behandling vil med dette overstige det ein kan oppnå ved lovfesting av formelle enkeltvedtak. Kronikken sine to første kulepunkt er derfor uaktuell grunngiving.

Den som vil ta seg tid til å gå djupare inn i korleis tilbodet i ein sjukeheim fungerer i dag, vil i dei aller fleste tilfelle finne at utforming og innhald er fullt i samsvar med uttrykte ønsker i kulepunkt tre og fire.

Rettssikring og klagerett som blir påpeika i kulepunkt fem og seks er fullt til stades i dag når vedtak om plass i sjukeheim er gitt. Innføring av enkeltvedtak vil derfor ikkje gi vesentleg styrking av dette dersom leiing, organisering og fagleg kompetanse er på plass slik lov og vedtekter fastset.

Ja, kanskje har pasientane i sjukeheim betre rettssikring og klagetilgang enn pasientar i heimebasert omsorg, der kontaktsituasjonane oftare er skjulte og i ein-til-ein-situasjon.

Forfattaren seier innleiingsvis at det kan reisast innvendingar mot forslaget og kjem med ein del slike, men avviser dei litt lettvint.

Argumentasjon som elles vert gitt som støtte til forslaget i tre korte avsnitt like etter dei seks kulepunkta, vurderer eg som skrivebordsfilosofi utan praktisk realitet eller dokumentasjon.

La meg i denne samanheng berre legge til at ein må vera både naiv og uvitande om kommunal budsjettbehandling dersom ein trur at dokumentasjon ved innføring av enkeltvedtak for tenestetilbod i sjukeheim vil kunne føre til auke i personalressursar.

Eg er einig i at situasjonen omkring medisinutgifter og tekniske hjelpemiddel for pasientar i sjukeheim bør få fokus. Sjukeheimsøkonomien kan nok føra til skort på tekniske hjelpemiddel.

Eit tiltak mot dette vil nok innebera endring i finansiering, men har ikkje noko med innføring av enkeltvedtak i sjukeheim å gjera. Dersom ein sjukeheimspasient av økonomisk grunn blir hindra i å få ein viktig medisin som vedkommande ville fått i heimetenesta, er dette sjølvsagt grunnlag for klage.

Det som verkeleg kan styrke kvalitet og legitimitet i sjukeheimstilbodet i dag, er god leiing og organisering av tenesta, tilfredsstillande lokal fagleg kompetanse, bindande og gode avtaler med spesialisthelsetenesta, regelmessig internundervisning inklusiv etisk refleksjon, regelmessig brukarundersøking og etablering av brukarutval. Men dette løyser ein ikkje ved unødvendige og byråkratiske enkeltvedtak.

Til sist vil eg setta eit stort spørsmål ved den udokumenterte påstanden at «Innføring av enkeltvedtak for utforming av tjenestetilbudet til den enkelte beboer i sykehjem på lang sikt vil bidra til å samordne, forenkle og effektivisere det kommunale helse- og omsorgstjenestetilbudet».

Delta i debatten

Vi setter stor pris på at du deler ny kunnskap, dine egne erfaringer og diskuterer med oss og andre lesere. Du må bruke ditt fulle navn for å delta i debattene. Debatten vil bli moderert i tråd med de presseetiske regler. Modereringen skjer i etterkant av publiseringen.