Romsdal vgs. har hatt langt færre byggefeil og -manglar enn kva vi normalt erfarer i nybygga våre, og blei ferdig både tidlegare enn planlagt og til lågare kostnad enn budsjettert, skriv Per Olav Skuseth Brækkan.

Romsdal vgs. har hatt langt færre byggefeil og -manglar enn kva vi normalt erfarer i nybygga våre, og blei ferdig både tidlegare enn planlagt og til lågare kostnad enn budsjettert, skriv Per Olav Skuseth Brækkan.

Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Slik skal vi omstille oss og bygge framtidas bygg

La oss bruke desse svært utfordrande tidene til saman å omstille og utvikle byggebransjen. Vi kan vise landet korleis vi kan bygge framtidas bygg!

Byggebransjen er Noregs største landbaserte næring. Ferske prognosar frå Menon Economics tydar på ein samla nedgang for bransjen på rundt 70 milliardar kroner for perioden 2020–2022 på grunn av koronaepidemien. Dette betyr rundt 65.000 årsverk.

Romsdal vgs. er ei suksesshistorie som har vist korleis vi kan bygge framtidas bygg.

Fylkestinget i Møre og Romsdal har tatt konsekvensen av dette og løyvd 50 millionar kroner til ekstra vedlikehald på den fylkeskommunale bygningsmassen.

Sjølv om vi nå står framfor ei krise i bransjen, vil fylkeskommunen som ein regional utviklingsaktør framleis ha eit mål om at bygga våre skal vere i tråd med FN sine berekraftsmål og byggast 20 prosent raskare, 20 prosent betre og 20 prosent billegare.

For å få til dette, er det helt avgjerande at rådgivarar og entreprenørar no går inn i prosjekta med ein genuin vilje og evne til å stille spørsmål ved alle kjente sanningar. Fylkeskommunen inviterer derfor bransjen til samspelsentreprisar kor vi skal spele kvarandre gode i eit klima bygd på gjensidig tillit og respekt.

Sjølv om vi skal kutte kostnader ønsker vi ein modell kor alle aktørar får betalt for det faktiske arbeidet som blir utført med lågast mogleg økonomisk risiko.

Byggebransjen er ei næring som historisk har hatt mange utfordringar med byggefeil, låg avkastning og låg effektivitet. I Stortingsmelding nr. 28, vedtatt i 2012, blei det fastslått at det er eit betydeleg potensial for lågare kostnader og høgre produktivitet i norsk bygg- og eigedomsnæring.

Bygg21 blei i etterkant oppretta med mandat frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å greie ut og foreslå endringar i samspelet mellom næring og offentlege myndigheiter.

Bygg21 har som mål at bygg- og eigedomsnæringa skal kutte kostnadar med 20 prosent frå 2013 til utgangen av 2020. Møre og Romsdal fylkeskommune har oppfylt denne målsettinga og i tillegg sett seg som mål at bygget skal vere 20 prosent meir miljøvennleg og byggast 20 prosent raskare, kalla 20/20/20-målet.

I Møre og Romsdal har nærings- og industrikulturen hatt internasjonalt suksess bygd på innovasjon og omstillingsevne i krisetider. Derfor meiner eg at det bør ligge godt til rette for at nettopp byggenæringa her kan gå framfor og vise korleis vi kan nå Bygg21 sine målsettingar.

I desse dagar er Møre og Romsdal fylkeskommune involvert i fire store prosjekt i fylket:

  • Ørsta vgs. saman med Ørsta kommune,
  • Spjelkavik Arena saman med fire idrettsklubbar i Ålesund og Ålesund kommune,
  • Opera Museum og Kulturhus i Kristiansund saman med Kristiansund kommune, Operaen i Kristiansund og Stiftelsen Nordmøre Museum, og
  • Campus Kristiansund saman med Devoldholmen Utvikling AS (NHP Eiendom AS og Bane NOR Eiendom).

Samla utgjer disse fire prosjekta rundt 40.000 kvm nybygg med ei samla investering på 1,5–2,0 milliardar kroner. Felles for alle prosjekta er 20/20/20-målet.

Samtidig har vi stort fokus på at bygga skal settast opp i tråd med FNs berekraftsmål kor dei ikkje berre skal vere viktige for brukarane av bygga, men også for lokalmiljøet.

For å klare dette, må vi ha tillit og lytte til kvarandre og hele tida søke korleis vi kan gjere dette betre, raskare og billigare. Dei leverandørane som ønsker å delta i desse fire prosjekta, må bemanne opp organisasjonen sin med nysgjerrige og kompetente medarbeidarar. «Slik har vi alltid gjort det»-haldningar vil ikkje bli akseptert.

Vi har klart det før. I januar 2018 tok Romsdal vgs. i bruk det nye skulebygget sitt. Med 12.000 kvm var det den gong Europas største skule i massivtre. Bygget har også nye løysningar for oppvarming og ventilasjon.

Sidan innflytting i 2018 har vi på Romsdal vgs. hatt langt færre byggefeil og -manglar enn kva vi normalt erfarer i nybygga våre. Trass i at bygget var nybrotsarbeid for alle partar, blei Romsdal vgs. ferdig både tidlegare enn planlagt og til lågare kostnad enn budsjettert. Romsdal vgs. er ei suksesshistorie som har vist korleis vi kan bygge framtidas bygg.

Får vi det til? Klarer vi å oppnå 20/20/20-målet og FN sine berekraftsmål?

Eg har fleire gongar fått presentert påstanden om at dette ikkje er mogleg. Det enkle svaret: Det har vi allereie gjort med Romsdal vgs. – no skal vi berre gjere det endå betre.

Så la oss bruke desse svært utfordrande tidene til saman å omstille og utvikle bransjen vår. La oss vise landet korleis vi kan bygge framtidas bygg!