– Eg er redd for at folk rett og slett vert trøytta ut av pålegg og tiltak før vi kjem i ein situasjon der vi får eit lokalt smitteutbrot, skriv Seljord-ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp). Ho er særleg bekymra for barn og unge.

– Eg er redd for at folk rett og slett vert trøytta ut av pålegg og tiltak før vi kjem i ein situasjon der vi får eit lokalt smitteutbrot, skriv Seljord-ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp). Ho er særleg bekymra for barn og unge.

Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Livet levast lokalt – òg i ein pandemi

Vi skal vere med på dugnaden, men utan lokal smitte er eg ikkje villig til å la smitteverntiltak på nasjonalt nivå gå ut over innbyggjarane lokalt.

Som ordførar i ei distriktskommune i Vest-Telemark med ingen smitta, og særdeles få smitta i kommunane rundt, så har eg eit veldig sterkt ønske: La kommunane vurdere dei lokale forholda! La oss bruke vår lokalkunnskap, vår smittevernkompetanse og sunne fornuft til å tilpasse flest mogleg av tiltaka til det livet vi lever lokalt!

Ved eit eventuelt smitteutbrot er vi heile tida budd til å innføre strengare tiltak.

Landet er så ulikt, på alle måtar, også i ein pandemi. Eg er redd at å tvinge på heile landet dei same sterke tiltaka i tida framover, vil skape mindre oppslutning om smitteverntiltaka i befolkninga. Eg er redd for at folk rett og slett vert trøytta ut av pålegg og tiltak før vi kjem i ein situasjon der vi får eit lokalt smitteutbrot.

Eg er redd for dei mange born og unge rundt om i landet som lir unødig på grunn av vanskelege forhold heime, som har få trygge vaksenpersonar rundt seg, og som utan fritidsaktivitetar ikkje har moglegheit til å komme seg ut av huset. Eller som vert ekstra utsette når det vert mykje bruk av heimeskule.

Eg er redd for dei mange som har det tungt frå før, og som sit aleine med vanskelege tankar. Dei får ikkje nokon innom på kaffibesøk no.

Unntakstilstanden har vart lenge. For barn og unge er sommarferien ei æve. Eg huskar at barneskulen var uendeleg lang. Det føltes som eit heilt liv! Dei inngripande tiltaka gjer noko med dei som veks opp i dag, og konsekvensane vil vi sjå i mange år framover.

I små bygdesamfunn som vårt, er ungane mykje saman på tvers av aldersgrupper. For mange er ikkje bestevennen født i same kalenderår. Vennskapsband går på kryss og tvers av kohortane ein finn på papiret. Å måtte dele inn klassene og hindre ungane i å vere i lag med vennane sine i friminutta, og i desse dagar òg på fritidsaktivitetar, utan at det er koronasmitte i lokalsamfunnet vårt, er ikkje rett over tid. Og det gjer noko med ungane.

Å tvinge alle ungdomsskular og vidaregåande skular til å drive på raudt nivå og å hindre ungane i å ha organiserte fritidsaktivitetar innandørs, er altfor inngripande tiltak!

Så lenge vi ikkje har smitteutbrot, må ungane våre kunne møtast i idrettshallen, på kulturskulen og i svømmehallen.

Normal sosial omgang, sjølvsagt med god avstand og godt smittevern, må kunne vere lov.

Kulturarrangement og andre arrangement der du kan sikre avstand mellom folk må kunne gjennomførast, også med deltakarar frå fleire kommunar her ute i distrikta. Kravet om fastmonterte seter hindrar bruk av dei fleste møteplassar, uansett størrelse på lokale. Dette slår feil ut!

Frivillige organisasjonar må kunne drive aktivitetane sine, og lage dei gode møteplassane som motverkar einsemd og isolasjon. Vinter og mørketid er krevjande for mange.

Livet må kunne levast når ein kan – også i ein pandemi!

Søndag 3. januar fekk vi hastevarsel om nye og svært inngripande tiltak på nasjonalt nivå. Dagen før fekk studentane råd om ikkje å reise til studiestadane sine att.

Vår kommuneoverlege er svært opptatt av smittevern og å vere føre var. Beredskapsleiinga i Seljord har i heile vinter hatt med oss i planane at jula ville føre med seg auka fare for smittespreiing. Vi sette derfor inn førebyggjande tiltak som skulle gjelde til 11. januar, sjølv om vi ikkje hadde påvist smitte lokalt, mellom anna ulike påbod om munnbind. Dette gav nok tid til å sjå ei eventuell lokal oppblomstring av smitte etter julehøgtida.

Vi gjorde lokale vurderingar, basert på lokalkunnskap og vår lokale situasjon.

Då regjeringa sette 18. januar som dato for sine anbefalingar, følgde vi sjølvsagt opp dette lojalt, sjølv om ein utifrå lokale forhold meinte dette var unødig lenge. Vi hadde budd oss på dette lenge. Ved eit eventuelt smitteutbrot er vi heile tida budd til å innføre strengare tiltak.

Dette er ikkje eit innlegg for å bagatellisere covid-19, grunnleggande smittevern eller behovet for sterke tiltak når det trengst. Men, det har vekt på dei tre siste orda: Når det trengst.