Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Kunnskap hjå Kjell Opseth?

I Kommunal Rapport 16. april kjem kommunalminister Kjell Opseth med nokre hjartesukk i samband med ein leiar i bladet den 11. april. Eg har ikkje lese den aktuelle leiaren og kan derfor ikkje kommentera den.


Derimot kjem Kjell Opseth sjølv med ein del påstandar som det kan vera grunn til å kommentera. Mellom anna at utspelet om å sjå på kommunegrensar i ein del område stort sett har vore vel mottekne. Rapportar eg har sett, mellom anna frå Kjell Opseth sine heimtrakter, tyder ikkje på at så er tilfelle.


Sjølv bur eg i eit område der det ei tid kunne sjå ut til at utspel om å sjå på kommunegrenser kunne bli vel motteke. Mange, mellom anna underteikna, og leiaren for Ulvik Arbeiderparti, Odd Haldorsen, såg det som mogleg, og kanskje ynskjeleg, å sjå på grensen mellom dei små kommunane inst i Hordaland når berre føresetnadene var på plass. Og føresetnadene var det som låg an til når me fekk eit fast samband over Hardangerfjorden mellom Vallavik og Bu. Då kunne det vore råd å diskutera kor vidt dei tre kommunane, Eidfjord, Granvik og Ulvik, som ein gong var ei kommuneeining, og som kvar for seg har ei befolkning på vel 1.000 innbyggjarar, kunne slåast saman att. Eller kanskje det kunne vore råd å diskutera ei endå noko større eining inst i Hardanger.


Etter det som hende i fjor, delvis som ei fylje av at den dåverande samferdselsministeren såg at grunnlaget for hans eige prestisjeprosjekt, Lærdalstunnelen, kunne vera trua. Delvis som fylje av det faktum som Per Håland påviste alt i 1947, at oslofolk er dumme, og det som me no etter kvart ser alt for tydeleg, at regjeringa endå meir legg opp til å trekkja verdiar frå der dei blir skapt og til det sentrale austlandsområdet, sa Stortinget nei til å byggja Hardangerbrua i juni 1996.


Det som kunne blitt eit interessant samarbeidsprosjekt mellom små kommunar i Indre Hordaland og Kommunaldepartementet, vil det no ikkje vera mogleg å foreslå. Opseth kan endeleg prøva seg med andre kombinasjonar, men dei alternativa som elles kunne finnast vil garantert ikkje bli positivt mottekne.


Kanskje er det litt synd for kommunalministeren at toskeskap gjort av andre departement, på andre tidspunkt, no gjer det umogeleg for han å få til ein diskusjon om kommunegrenser i eit område der det låg an til at utspelet kunne blitt positivt motteke. Kanskje burde han no rykkja ut og seia noko om kunnskapsnivået hjå den forrige samferdselsministeren? Men det trygggaste vil truleg vera å sitta heilt roleg.


Kanskje er det litt synd for kommunalministeren at toskeskap gjort av andre departement, på andre tidspunkt, no gjer det umogeleg for han å få til ein diskusjon om kommunegrenser

Skrevet av: Kjell Kjerland