Det er dette fritidsaktivitetar skal handla om: Glede, fellesskap, å kunna delta uavhengig av kven ein er, skriv Åse Kristin Ask Bakke.

Det er dette fritidsaktivitetar skal handla om: Glede, fellesskap, å kunna delta uavhengig av kven ein er, skriv Åse Kristin Ask Bakke.

Foto: Jonas Frøland / NTB
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Kostnaden blir høg viss ikkje alle er med

At barn og unge får idrettsgleda øydelagt ved ikkje å vera inkludert og føla seg som ein del av laget er trist, og ikkje minst skadeleg, i eit folkehelseperspektiv. Slik skal det ikkje vera.

Nyleg kom Ungdata-undersøkinga 2022 som stadfestar ein nedslåande trend: Stadig færre unge deltar i organisert fritidsaktivitetar. No deltar berre halvparten av ungdommane våre på organiserte fritidsaktivitetar – og det får meg til å grøssa!

Der kor andre hengjar etter, visar fotballen vegen i integreringa.

Det er bekymringsfulle tal. Det å delta i organiserte fritidsaktivitetar gir barna og ungdommane våre ein arena for å møta venner og vera sosiale saman, det bidrar til auka fysisk aktivitet, meistringsfølelse og gleda. Det bidrar òg til å læra ungane om demokrati, organisering og dugnadsjobbing.

Det er med andre ord direkte faretruande for folkehelsa og den psykiske helsa når vi no ser at stadig færre barn deltar i fritidsaktivitetar, stillesittinga aukar og psykisk vanhelse aukar.

Årsakene til at færre deltar er fleire. Pandemien har naturlegvis gjort utslag, men nedgangen starta før pandemien. Tala viser at det er store sosiale forskjellar i kven som deltar i organiserte fritidsaktivitetar. Det er dei barna som har ein bakgrunn med høg sosioøkonomisk status som i størst grad deltar. Dette understrekar kvifor det er så viktig å senka terskelen for deltaking og inkludering, og at både idretten og oss politikarar fokuserer på nettopp det.

Arbeidarpartiet er opptatt av å bygga opp om det frivillige engasjementet og å senka terskelen for deltaking. Derfor har regjeringa:

  • Signert ei oppjustert fritidsfråsegn. Her forpliktar regjeringa og frivilligheita seg til å jobba for auka inkludering, og at alle barn skal få delta i ein organisert fritidsaktivitet med andre.
  • Satsa på idrettsanlegg, for å auka tilgangen på arenaer å vera aktiv på.
  • Gitt full momskompensasjon til frivillige organisasjonar, idrett og kulturen. Det gir meir pengar som gir rom for auka aktivitet og til å inkludera fleire.
  • Gitt meir pengar til utstyrssentralar som BUA, for å sikra at dei er tilgjengelege med gratis utlån av moderne sports- og fritidsutstyr, slik at barn ikkje skal mangla utstyr.
  • Gitt kommunane meir pengar for å kunna bidra til å dekte deltakaravgifter ved behov.

Fråfall handlar òg om måten dei organiserte fritidsaktivitetane inkluderer ungane på.

Nyleg kunne vi òg lesa historia på NRK Ytring om ein onkel som følgde nevøen sin til Norway Cup, der gutungen berre fekk nokre minutt speletid fordi han ikkje var god nok.

At barn og unge får idrettsgleda øydelagt ved ikkje å vera inkludert og føla seg som ein del av laget er trist, og ikkje minst skadeleg, i eit folkehelseperspektiv. Slik skal det ikkje vera.

Ikkje alle ønsker å bli den neste Ødegaard eller Hegerberg. Nokon speler fotball berre fordi det er gøy, fordi dei vil treffa ven eller ønsker å tilhøyra eit fellesskap. Ein skal ikkje benkast av den grunnen. At ballevnene til nokon på laget ikkje er på topp, øydelegg heller ikkje for den neste Hegerberg eller Ødegaard.

Heldigvis er ikkje alles erfaringar like. Eg deltok sjølv på Norway Cup der eg mellom anna følgde kampane til åtte år gamle jenter frå eit Oslo-lag. Mange lukka auga då ballen nærma seg, men jubla høg då eit spark trefte eit tilfeldig kne som senda ballen i mål. Alle var på banen, uansett om dei var mest opptatt av å spela ball eller å slå hjul. Tap og sigrar vart fort gløymt når laga til slutt stod med medaljar rundt halsen, armane rundt kvarandre og ropte heiaropet til laget.

Det er dette fritidsaktivitetar skal handla om: Glede, fellesskap, å kunna delta uavhengig av kven ein er.

Heldigvis gjer idretten sjølv ein viktig jobb. Noregs Fotballforbund (NFF) svarer òg, og tar ballen. Dei skal ut til klubbane der dei er, og trygga dei i arbeidet med å legga til rette aktiviteten basert på NFF sine verdiar, mellom anna verdien om å vera modig. Dei skal vere modige og seia ifrå når nokon ikkje blir inkludert eller føler seg trygge. Og der kor andre hengjar etter, visar fotballen vegen i integreringa.

Barnerettane til idretten beskriv òg kva som skal til for at barna skal oppleva tryggleik og meistring i idretten. Utan det store frivillige engasjementet til idrettsbevegelsen hadde dette heller ikkje vore mogleg. Entusiastiske foreldre bruker mykje tid på å trena, rettleia og skape desse arenaene for fellesskap og meistring.

La oss saman jobba for å gi alle ein sjanse og lyst til å delta i ein organisert fritidsaktivitet, få vera seg sjølv i lag med andre, oppleva meistring og få vera aktive. Slik bygger vi sjølvkjensla til alle barn og unge, og slik fremmar vi god folkehelse og god psykisk helse.