Utviklinga frå tillitssamfunn til kontrollsamfunn er tidstjuv nummer ein, meiner Knut Arne Gurigard. Illustrasjonsfoto: Colourbox
Utviklinga frå tillitssamfunn til kontrollsamfunn er tidstjuv nummer ein, meiner Knut Arne Gurigard. Illustrasjonsfoto: Colourbox
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Frå tillitssamfunn til kontrollsamfunn

Det blir brukt altfor mykje tid på å sikre at det ikkje er gjort feil, eller at alt er vurdert til siste millimeter.

Det burde det i mykje større grad bli sett fokus på kva som er godt nok.

I regjeringa sitt tidstjuvprosjekt har det komme inn over 1.000 forslag til korleis me kan spare tid. I denne samanheng dreiar det seg fyrst og fremst om korleis me kan forenkle og forbetre arbeidsprosessar i offentleg sektor.

Eg er ikkje i tvil om at svært mange av forslaga har store gevinstar ved realisering. Prosjektet har etter mitt syn mykje for seg. Likevel undrar det meg stort at det ikkje blir teke tak i den verkeleg store tidstjuven i byråkratiet, som ligg i spørsmålet: Kva er godt nok?

Min litt populistiske påstand er at det blir brukt altfor mykje tid på å sikre at det ikkje er gjort nokon feil eller at alt er vurdert til siste millimeter. Etter mitt syn er noko av årsaka til dette at me bevegar oss frå eit tillitssamfunn til eit kontrollsamfunn, der det i stadig mindre grad blir akseptert at det blir gjort feil. Eg meiner ikkje at det skal slurvast, og det må sjølvsagt vera vurderingar i forhold til konsekvensar.

Etter kvart har det utvikla seg ein «fryktkultur» der det ikkje blir teke avgjerder eller gjort tilrådingar før alt er 100 prosent sikkert. Som eit apropos, Aftenposten 4.6.2015: «Toppledere i byråkratiet er så redde for å gjøre feil at de ikke får gjort jobben sin.»

Det blir og ein situasjon der det er mykje viktigare å ikkje gjera feil enn å prøve nye løysingar.

Det er på tide å stille spørsmål som:

  • Kva kostar dei siste prosentane i tidsbruk, kva er godt nok?

  • Kva får ein ut av medarbeidarar som har lengst framme i pannebrasken at «no må eg ikkje gjera nokon feil»?

Noko av årsaka til «fryktkulturen» er media og redsel for store overskrifter. Ei anna årsak kan vera politikarar sine kritiske blikk, ikkje alltid på eit godt fundert grunnlag og ofte til feil adressat, men som billige poeng overfor veljarar og media.

I mange samanhengar kan det og stillast spørsmål ved t.d. eit kommunestyre sin profesjonalitet som arbeidsgivar.

Ei tredje årsak kan vera eit omfattande rapportering- og kontrollsystem i det meste som skjer innan offentleg forvaltning, der det i mange høve kan stillast spørsmål ved om tidsbruken står i forhold til gevinstar. I tillegg blir det skapt frustrerte medarbeidarar som vurderar mykje av rapporteringa som sterkt kontrollerande og feil bruk av tid.

Etter mitt syn burde det i mykje større grad bli sett fokus på kva som er godt nok, men sjølvsagt vurdert i forhold til kva saka gjeld. Det må i større grad vera ein aksept for prøve, feile og dra lærdom. Og det må vera sterkare fokus på det positive framfor det kritiske. Alle treng ros. Det kostar ingenting, og det er ei svært god investering.

Kva kan me oppnå ved å ta den største tidstjuven på alvor?

  • Meir rett tidsbruk

  • Me vil utløysa kreativitet, vilje til å skapa noko nytt, engasjement og arbeidslyst

  • Me vil skapa større tryggleik

  • Me vil få eit meir raust samfunn

Eg er fullstendig klar over at dette ikkje er enkle tiltak, men endringar som vil ta tid. Det er likevel på høg tid å ta diskusjonen om me har bevega oss for langt frå eit tillitssamfunn, til eit for sterkt kontrollsamfunn, om det er det me vil ha og kva konsekvensane er.