Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Debatt
Meninger i debattinnlegg står for skribentens regning.

Kunnskap, nei takk!?

Stortinget har sagt at ingen kommunar skal slåast saman med tvang, men samtidig peika på at ein må kunne endre inndelinga gjennom friviljuge løysingar. Det er dette som ligg til grunn for den invitasjon vi har sendt ut, og som faktisk er positivt motteke dei fleste plassar.

Eg hadde ærlig talt venta meg at Kommunal Rapport skulle hatt ei anna redaksjonell line enn den som kjem til uttrykk på leiarplass fredag 11. april. Det er min invitasjon der 33 kommunar fordelt på 10 regionar får tilbod om å gjennomføre ei utgreiing av konsekvensar av kommunesamanslåing som er tema.


Det er eit tilbod om bistand for å framskaffe kunnskap som Kommunal Rapport går til åtak på i leiarartikkelen. Eg må seie dette var uventa, frå eit organ som nettopp skulle vere oppteken av å spreie kunnskap om kommunal verksemd.


La gå med at bladet har fått med seg berre halve essensen i det som Stortinget har sagt om dette, men det er faktisk slik at eit fleirtal på Stortinget meiner vi har ei del kommunegrenser som ikkje lenger er tenlege. Det same fleirtalet har også meint at ein må kunne endre desse. Stortinget har sagt at ingen kommunar skal slåast saman med tvang, men samtidig peika på at ein må kunne endre inndelinga gjennom friviljuge løysingar. Det er dette som ligg til grunn for den invitasjon vi har sendt ut, og som faktisk er positivt motteke dei fleste plassar.


Kven skal legge premissane for utgreiingsarbeidet, spør Kommunal Rapport, og insinuerer nærmast at det frå vår side er lagt opp til bestillingsverk for å førebu samanslåingar. Slik styringsgruppene for dei ulike områda er tenkt sett saman, vil dei aktuelle kommunane i stor grad legge premissane for dette arbeidet.


Det er kunnskapslaust når bladet hevdar at departementet for å handle i tråd med stortingsfleirtalet skulle la alle slike spørsmål ligge til år 2001, og det er uttrykk for at artikkelskribenten i beste fall har skumlest vår invitasjon når det i leiarartikkelen blir framstilt som det har utgått eit diktat frå Kommunaldepartementet. Om invitasjonen til kommunane ikkje skulle vere klår nok, kunne Kommunal Rapport gjennom enkle, journalistiske grep fått fram tilleggsinformasjon.


Men er det kunnskapsvegring som plagar redaktøren, slik både konklusjonane i leiarartikkelen og manglande journalistisk innsats for å hente inn informasjon kan tyde på, har eg god von om at haldningane ikkje har særleg grobotn ute i kommunane. Dei fleste er faktisk opptekne av korleis dei på best mogleg måte kan tene innbyggjarane. Dei fleste ser også at eit viktig grunnlag for det er oppdatert kunnskap.


Eg er trygg på at eg held meg innanfor dei rammene Stortinget har lagt. Eg er også trygg på at kunnskapsvegring ikkje er det vi treng når vi drøftar korleis vi innrettar offentleg verksemd for framtida, uansett kva forvaltningsnivå vi snakkar om.


Slik styringsgruppene for dei ulike områda er tenkt satt saman, vil dei aktuelle kommunane i stor grad legge premissane for dette arbeidet

Skrevet av: Kjell Opseth