Eid-ordførar Alfred Bjørlo er leiar for Venstre sitt ordførarnettverk, som rettar sterk kritikk mot framlegget til statsbudsjett. Arkivfoto: Magnus Knutsen Bjørke
Eid-ordførar Alfred Bjørlo er leiar for Venstre sitt ordførarnettverk, som rettar sterk kritikk mot framlegget til statsbudsjett. Arkivfoto: Magnus Knutsen Bjørke
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Venstre-ordførarane krev budsjettendringar

Venstre sitt ordførarnettverk krev endringar både i statsbudsjettet sin sosiale og grøne profil når forhandlingane no startar i Stortinget.

Venstre sine nær 50 ordførarar og varaordførarar var samla i Oslo i helga for å diskutere regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. I ei fråsegn rettar dei skarp kritikk mot budsjettet. I møtet vart det gitt ei krystallklar melding til Venstre si stortingsgruppe om å køyre eit hardt løp i forhandlingane om statsbudsjettet. Venstre sine stortingsgruppe har òg reagert sterkt på budsjettframlegget.

– Det er direkte provoserande at regjeringa ikkje følgjer opp samarbeidsavtalen som vart signert av Høgre, Frp, Venstre og KrF i fjor. I staden for å stå på avtalen, reverserer regjeringa viktige gjennomslag Venstre fekk – mellom anna for å styrke kommuneøkonomien. Det kan ikkje Venstre finne seg i, seier ordførar Alfred Bjørlo i Eid kommune, som leiar nettverket.