Ordførar i Meland, Nils Marton Aadland (H), er kritisk til at barnehagetilskotet skal endrast alt frå nyttår. Arkivfoto: Erlend Haukeland
Ordførar i Meland, Nils Marton Aadland (H), er kritisk til at barnehagetilskotet skal endrast alt frå nyttår. Arkivfoto: Erlend Haukeland
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Protesterar på hasteendring av barnehagetilskot

Ordførar ber kommunalministeren utsette endringa i korleis barnehagetilskotet skal reknast ut.

Kunnskapsdepartementet varsla nyleg at det frå neste år vert nye reglar for korleis tilskotet til private barnehagar skal reknast ut.

I staden for å nytte kommunale budsjett som i dag, skal kommunane nytte to år gamle tal frå rekneskapen.

Både KS og Private Barnehagers Landsforbund ønskjer denne endringa. Men KS har ikkje alle kommunane med seg, syner eit brev frå Meland kommune til kommunalminister Jan Tore Sanner (H).

Her skriv partikollega hjå Sanner, ordførar Nils Marton Aadland (H), at det vert feil å innføre endringa med så kort frist.

“Å nytte 2 år gamle rekneskap ved utrekning av tilskot til ikkje-kommunale barnehagar gjer at ein ikkje får med seg større endringar i drift i dei kommunale barnehagane som er skjedd i perioden. Særleg for ein vekstkommune som Meland er eit to år gammalt driftsnivå lite relevant”, heiter det i skrivet til Sanner.

Endringa vil auke utgiftene til barnehagar med 17 prosent i Meland neste år. Kommunen, som har vore i Robek sidan 2001, må sette av 10 millionar kroner meir i tilskot til dei private barnehagane.

Årsaka er ifølgje Aadland at kommunen tidlegare hadde to kommunale barnehagar. No er den eine lagt ned, og drifta dermed mykje meir effektiv i den attverande kommunale barnehagen.

“Ein må kunne velje om kostnadar til kommunale barnehagar som er oppretta eller nedlagt i perioden skal reknast som kostnadar til ordinær drift og takast med i berekningsgrunnlaget”, skriv ordføraren.

Han ønskjer eit møte med Sanner om saka, sjølv om det er Kunnskapsdepartementet som har hand om endringa av reglane.