Arkivfoto: Magnus Knutsen Bjørke
Arkivfoto: Magnus Knutsen Bjørke
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Frie inntekter aukar med 5 milliardar

Dei såkalla frie inntektene til Kommune-Norge aukar med 5 milliardar kroner neste år. Det syner statsbudsjettet.

Av dei frie inntektene vil drygt 3 milliardar kroner gå til å dekke ei større og eldre befolkning, og 1,5 milliardar går ifølgje tal frå KS til auka pensjonskostnader.

I kommuneproposisjonen i mai skisserte regjeringa at veksten ville vere mellom 4,75 og 5 milliardar kroner.

– Regjeringa har høg tillit til kommunane. Difor får dei over 5 milliardar kroner meir i frie inntekter i 2013. Samstundes er det ikkje sjølvsagt at Noreg går så godt som det gjer. Uvissa i verdsøkonomien og eurosona har ikkje blitt mindre. Difor må kommunane hushaldere godt og bu seg på at det kan komme dårlegare tider, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) i ei pressemelding.

Av dette får kommunane 4,2 milliardar kroner, medan fylkeskommunane får 800 millionar kroner.

Skatteinntektene aukar

Saman med budsjettet for 2013, kjem òg eit nytt tal for kor store skatteinntektene vert i år. Regjeringa trur no at inntektene vert 4,9 milliardar kroner høgare enn kva kommunane og fylkeskommunane har budsjettert med. Dette er heile 2,6 milliardar kroner meir enn kva regjeringa trudde i mai.

Kommunane får over 4 milliardar kroner meir i skatteinntekter i år, enn det dei budsjetterte med. I fylkeskommunane vert den ekstra vinsten på 900 millionar kroner, ifølgje tala frå Finansdepartementet.

Den siste auken på 2,6 milliardar kroner er pengar som kommunane ikkje vil få neste år; dei kjem berre no i haust. Veksten i frie inntekter frå den reelle rekneskapen i 2012 og til budsjett 2013 er tilsvarande lågare.

– Kommunane har fått nær 5 milliardar kroner meir å rutte med i år grunna auka skatteinntekter. Det gjev rom for fleire gode og trygge tenester, seier Navarsete.

>> Her finn du budsjettsidene hos Kommunaldepartementet