Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

12 kommunar med i distriktsatsing

Korleis løyse utfordringa med bustader i distrikta? 12 kommunar får no pengar til å gjere noko med problemet.

Regjeringa vil løyve 21 millionar kroner i tilskot som skal stimulere auka tilbod av bustader i kommunar med små og usikre bustadmarknader, melder Kommunaldepartementet i ei pressemelding.

I 2012 blei 285 distriktskommunar i Noreg inviterte til å søkje om å delta i forsøksordninga «Bustadetablering i distrikta». Målgruppa for ordninga er kommunar der bustadmarknader er til hinder for næringsutvikling eller rekruttering av nøkkelkompetanse i privat og offentleg sektor. Samtidig skal kommunar som får støtte frå ordninga ha vist engasjement for å løyse desse problema.