
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.
Bergen best på språk
Heile 83 prosent av dei spurte i ei innbyggjarundersøking svarte i fjor at informasjonen frå Bergen kommune var lett å forstå. Dette var ein av grunnane til at Klarspråkprisen 2020 for kommunar og fylkeskommunar i dag vart tildelt Bergen kommune.
– Klarspråk gir eit betre demokrati, skapar tillit og det sparer tid, sa byrådsleiar Roger Valhammar (Ap) i Bergen då kommunen i dag blei tildelt Klarspråkprisen 2020 for kommunar og fylkeskommunar.
Det var Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup som overrekte godord og ein blomsterkvast digitalt til byrådsleiaren.