Frå 2020 blir Odda kommunesenter i nye Ullensvang. No er innbyggjarane spurt om visjon for den nye kommunen. Men blir dei høyrt? Arkivfoto: Magnus Knutsen Bjørke
Frå 2020 blir Odda kommunesenter i nye Ullensvang. No er innbyggjarane spurt om visjon for den nye kommunen. Men blir dei høyrt? Arkivfoto: Magnus Knutsen Bjørke
Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Er dette ein «jævla bra kommune»?

7. februar skal fellesnemnda i Ullensvang avgjere om kommunen er «jævla bra», «kraftfull og raus» eller om dei heller «dyrkar samhald frå fjord til fjell».

Då nye Ullensvang hadde idedugnadar før jul om visjon for den nye kommunen, kom det inn 60 forslag. 16 av desse gjekk vidare til nettavstemming som blei avslutta veslejulaftan. Då hadde over 1.700 vore inne på nettsida og stemt på det forslaget dei meinte var best.

Eitt av forslaga fekk 59 prosent av stemmene. Men kjem fellesnemnda til å gå for ein «Jævla bra kommune»?