I Kommunal Rapport si vekeavis nr. 23 i år skreiv vi om prosessen fram til Vestland sitt nye våpen. Då skreiv vi at fylkestinga skulle gjere vedtak om nytt fylkesvåpen innan utgongen av året. Slik gjekk det ikkje. Dei fire våpenforslaga til høgre er tilrådd av fagkomiteen. Det øverste, «Natur og landskap», er det tidlegare fylkesordførar i Hordaland, Tom-Christer Nilsen kallar eit makkverk. Grafikk: Britt Glosvik

Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Tidlegare fylkesordførar slaktar våpenforslag

Forslaget til fylkesvåpen for Vestland ser ut som papirbitar, meiner tidlegare fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) i Hordaland.

Etter fem møter i fellesnemnda, innbyggjarkonkurransar i to fylke, designkonkurranse, folkejury, fagkomite og nettavstemming, sto Vestland i slutten av november att med fire kandidatar til fylkesvåpen for det nye fylket. Eitt av våpena, “Natur og landskap” var beteikna som “tilrådd”, to “godt eigna” og eitt som “eigna”.

Fylkestinga i dei to fylka skulle gjere vedtak om kva våpen dei ville ha innan utgangen av året.