Leder og debatt
Spelet om kommuneøkonomien
Tips en venn!
Vi ser det gong på gong: Stortinget og regjeringar framhevar at kommunane får meir og meir pengar, og kommunane hevdar at dei manglar pengar til meir og meir. Kommunane må lære seg å prioritere, seier sentrale styresmakter, og viser til det ansvaret kommunane har. Det hjelper ikkje med ansvar, når vi ikkje har pengar, svarar kommunane.
I Semerklæringa blir det lovd at kommuneøkonomien skal styrkast, og at det skal vere samsvar mellom oppgåver og midlar. Strategien frå regjeringa er no å plassere ansvaret på kommunane. Kommunalministeren er uvanleg direkte, når ho svarer at kommunane ikkje får meir, dei må spare og effektivisere, og slå seg saman. Reine ord i staden for pengar, klargjer i alle fall politikken. Og politikken blir styrt av finansminister Foss som passar på skatteletta.
I praktisk politikk overfører regjeringa meir ansvar enn pengar. Demonstrer framfor rådhusa, ikkje i regjeringskvartalet eller framfor Stortinget, er bodskapen. Og vi har jo eit ''godt'' system for ansvarsfråskriving: Staten, som har pengane, har ikkje ansvar, medan kommunane, som har ansvaret, har ikkje pengar. Viss dette er lokalt sjølvstyre, bør kommunane slutte å krevje meir av det.
Etter fleire år med svake driftsresultat i kommunane, burde regjeringa no ta ansvar for å bringe kommuneøkonomien i balanse. Verken gjennom det framlagde forslaget til revidert nasjonalbudsjett eller kommuneøkonomiproposisjonen blir det gjort.
Rett nok er det positivt for kommuneøkonomien at skatteinntektene aukar med om lag 1 milliard kroner. Utover dette løyver regjeringa 750 millionar kroner meir til kommunar og fylkeskommunar og 100 millionar til fylkeskommunane i samband med at staten overtar sjukehusa. Dessutan blir det løyvd 2,4 milliard m.a. til sletting av gjeld som fylkeskommunane pådrog seg i fjor.
Dette er jo ikkje småpengar. Budsjettprosessane på Stortinget ser ut til å betre situasjonen noko. Men det brutale faktum er at dette likevel ikkje dekkjer pengebehovet til kommunar og fylkeskommunar, med dei oppgåvene desse no står overfor.
Verre blir det når ein tar med kraftige utgifter til pensjonar, berekna av KS til nærare 6 milliardar kroner. Regjeringa spelar også her ei plate med hakk i: ''Kommunene står selv ansvarlig for sine pensjonskostnader'', og: ''kommunene må enten effektivisere driften eller redusere aktivitetsnivået''.
Dette er eit uverdig spel. Viktige fellesoppgåver som skular, barnehagar, helse- og omsorgstenester og kultur, er avhengig av at kommunane har pengar. Vi får no endå dårlegare tenester i mange kommunar og større skilnader kommunar i mellom. Dårleg samsvar mellom dei oppgåvene kommunane skal løyse og pengane dei rår over, svekkjer tilliten både til offentleg sektor og til det politiske systemet. Og endå verre: Avstanden mellom politikarar og folk flest blir stadig større.
Folk spør naturleg nok kvar alle pengane blir av. Dei merkar mangel på barnehageplassar, høge barnehageprisar, falleferdige skular, mangel på undervisningstimar, eldre og sjuke som står i kø eller ikkje får den nødvendige pleie. Og Noreg har aldri vore rikare.
Denne artikkelen sto på trykk i Kommunal Rapports papirutgave nr. 27/2002.
Vis artikkeloversikten for nr. 27/2002.


Last ned papir-utgaven av Kommunal Rapport i PDF-versjon.