Arkiv

Temaer

Nyttig på nett

Etter- og videreutdanning

Stillingsannonser

Vågå kommune

 

Vågå kommune profilerer seg som ein moderne og offensiv kommune. Offentlege og private aktørar blir inviterte til å delta i kreative prosessar i attraktive miljø for å møte framtida med optimisme og pågangsmot.

Kommunen ønskjer å utvikle grunnskulen i kommunen som eit nasjonalt fyrtårn for kompetansebygging og samfunnsutvikling med den politiske visjonen om å etablere ”Norges beste skule”. Vi har ein desentralisert skulestruktur, full barnehagedekning, godt oppvekstmiljø, eit allsidig kulturliv og Nasjonalparkriket lokkar med opplevingar og utfordringar i ein storslått natur heile året.

 

Vågå kommune har frå 01.08.2010 ledig stilling som

SEKTORSJEF FOR OPPVEKST OG KULTUR

(kommunalsjef)

 

Sektorsjefen vil mellom anna ha

• Plass i rådmannens toppleiargruppe.

• Fagleg, administrativt og økonomisk ansvar for områda skule, barnehage,      vaksenopplæring, flyktningtenesta og kultur.

 

Vi søkjer etter ein person som har:

• relevant høgare utdanning innanfor minst eitt av dei områda sektorsjefen vil få ansvar for

• kompetanse innanfor leiing, økonomi og administrasjon

• praksis frå aktuelle arbeidsområde og frå leiande stilling

• vilje og evne til nytenking, resultatorientering og samarbeid og kommunikasjon internt og over sektorgrenser

• gode samarbeidsevner, er omstillingsdyktig og fleksibel

 

I Vågå kommune får du fagleg og personleg utvikling, godt arbeidsmiljø og gode samarbeidstilhøve. Vågå er nynorskkommune. Kommunen kan hjelpe til med å skaffe husvære. Løn etter avtale og gode pensjonsordningar i KLP. Kvinner blir spesielt oppmode om å søkje.

Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.

Søkjarar som ikkje ønskjer namnet sitt offentleggjort må grunngje det.

 

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte

Rådmann Tor Arne Gangsø tlf. 61 29 36 00/415 62 777 e-post:

tor-arne.gangso@vaga.kommune.no

Sektorsjef Kjell Nyhus tlf. 61 29 36 25/906 46 288 e-post: kjell.nyhus@vaga.kommune.no

 

Innsending av søknad skal skje på elektronisk søknadsskjema via www.vaga.kommune.no. Mottekne attestar og vitnemål blir ikkje returnert utan etter førespurnad.

 

Velkomen som søkjar

Søknadsfrist:
10.04.2010

Ledige stillinger

Gratis Nyhetsbrev

Hver dag sender vi ut et gratis nyhetsbrev som informerer om de viktigste hendelsene i Kommune-Norge. Det er enkelt, gratis og nyttig!
Skriv inn e-postadresse:

Lønnsoppgjøret

Ble lønnsoppgjøret for dyrt for kommunene?

Ukens avis

Faksimile: papirutgaven Last ned papir-utgaven av Kommunal Rapport i PDF-versjon.
Utgave 21/2010, 24. juni
Redaktøransvar Pressens Faglige Utvalg
Ansvarlig redaktør og administrerende direktør: Britt Sofie Hestvik.
Kommunal-rapport.no er redigert på uavhengig grunnlag og etter de normer og regler som er nedfelt i Redaktørplakaten, Vær Varsom-plakaten og Tekstreklameplakaten.