Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Stranda snart på gjeldstoppen

Om få år har kvar innbyggar i Stranda 200.000 kroner i kommunal gjeld. Strategien er medviten, men no er det stopp, seier ordførar Frank Sve (Frp). Kommunar på gjeldstoppen vil helst ikkje vere der. 

STRANDA

Utsikta frå toppen av Roalden i Stranda er spektakulær, det er som å vere på taket av Norge. Hit vil den energiske og omstridde ordføraren lokke mange av dei turistane som allereie vitjar Geiranger inst i Stranda kommune om sommaren, og han vil ha det beste alpinanlegget i heile regionen om vinteren.

Utbygginga, i regi av Strandafjellet KF, skapar store protestar i kommunen. Ho er óg med på å forklare kvifor Stranda er i ferd med å innta norgestoppen i gjeld i løpet av komande økonomiplan. Om det går slik dei politiske signala tyder på, kjem Stranda til å bli den første kommunen i landet som skuldar meir enn 200.000 kroner per innbyggjar. Kommunen har låge disponible inntekter, og ved nyttår var netto lånegjeld 152 prosent av dei samla inntektene i kommunen, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå.

Ut frå budsjettforslaga i haust, ser det ut til at Stranda i 2014 er den kommunen i landet med høgast gjeld i høve til inntektene.

Sve meiner inntektene frå Strandafjellet og frå cruisehamna som er utbygd neste år i regi av hamneføretaket, vil bere gjelda i dei to føretaka, utan at kommunen må inn med meir pengar.

– Vi får den beste skidestinasjonen på heile Vestlandet, utanom Voss. Utsikta til fjell og fjord er som hos ingen andre. Vi hadde 500 brasilianarar på prøvetur opp hit i vår, det var ein stor suksess.

Gjelda aukar raskt i Stranda av di forgjengarane til Sve ikkje passa godt nok på dei kommunale bygga, meiner ordføraren. Difor måtte nærast alt byggjast opp igjen.

– Det er kunnskapslaust å henge oss ut for å ha høg gjeld. Gjeld er eit verktøy for å skape betre tenester.

31 kommunar hadde ved nyttår meir i netto lånegjeld enn dei hadde i inntekter. Det finst ikkje noko klår grense for kva ein kommune kan ha i gjeld. Men kvifor satsar somme så stort på investeringar? Dei utset kommunen for ein stor risiko i tilfelle rentene aukar.

Sjeføkonom i KS, Per Richard Johansen, meiner kommunane i sine økonomiplanar fram til 2014 må vere i stand til å takle ei rente som ligg 4 prosentpoeng høgare enn i dag. Men høg gjeld i seg sjølv treng ikkje vere negativt, seier Johansen.

– Kva vert pengane nytta til? Kommunane kan berre låne til investeringar. Nokre prosjekt gjev lågare utgifter eller høgare inntekter. Slikt er det greitt å låne til. Meir problematisk er det om ein må gjere endringar i drifta, for å ha råd til renter og avdrag.

Finansutgiftene er ikkje noko som regjeringa tek omsyn til i kommuneopplegget kvart år. Slik må det vere, meiner Johansen. Kommunane kan ikkje først ta opp mykje lån, og så krevje at staten tar rekninga.

Kommunar som låner mykje har nokre felles trekk, skal vi tru analysane frå Johansen:

* Dårlege driftsresultat over år (har ikkje eigne pengar til å finansiere investeringar).

* Høg vekst i folketalet.

* Statlege program som aukar investeringane (rentekompensasjon)

* Låge renter eller auka inntekter.

Stranda kan ikkje rekne med stor auke i inntektene. Rådmann Ann Kristin Langeland er skeptisk til å auke gjelda. Ho har i forslaget til budsjett provosert politikarane ved å ta ut fleire tidlegare vedtekne investeringar. Reaksjonane er tydelege: Rådmannen får ikkje fleirtal for å stoppe auken i gjeld.

– Eg er hakket meir bekymra enn ordføraren. Vi burde hatt ein bråstopp i investeringane,sjølv om vi har skulebygg som treng rehabilitering. Eg skjønar at somme vert provosert av forslaget mitt, men kan hende burde vi vente til vi har ei litt betre oversikt over situasjonen.

«Situasjonen» rådmannen siktar til, er dei store investeringane i Strandafjellet og to nye cruisekaier, på Stranda og Hellesylt. Nyleg vart det kjend at kaiene vil verte minst 25 millionar kroner dyrare enn venta. Hamnesjefen har i lokalavisa Sunnmøringen sagt at hamneselskapet ikkje toler meir lån no – trass den optimistiske haldninga hjå ordførar Sve, som trur turistane vil gå i land i Stranda og ta turen opp på fjellet ved hjelp av gondol.

– Vi er tungt inne i drifta og som eigar på Strandafjellet. Det doblar risikoen, seier rådmannen.

Leiar av kontrollutvalet i kommunen, tidlegare ordførar Inge Gjærde (Ap), er óg bekymra. Ein revisjonsrapport stilte nyleg kritiske spørsmål ved gjelda i kommunen, særleg den risikoen Stranda tek ved å ta opp store lån i føretaka utan gode risikoanalysar.

– Kontrollutvalet har vore kritisk til tempoet i prosessane. Risikoanalysane har ikkje vore gode nok. Det er fare for at dette kan bli ein dyr lærepenge for Stranda. Prosjekta er positive og populære. Men det er ikkje noko kommunal oppgåve å drive eit skianlegg, seier Gjærde.

Opposisjonspolitikar Stein Øivind Magnell (SV) er samd.

– Vi talar om luftslott, og Stranda driv somme tider dei kommunale føretaka som om dei var pølsebuer. Vi fekk aldri sjå kostnadssida før vi vedtok nye utbyggingar på Strandafjellet. Budsjettdisiplinen blant det politiske fleirtalet har vore dårleg, og det er ikkje debatt i kommunestyret. Vi har innvendingar, og så vert det utan vidare ordskifte vedteke slik ordføraren vil ha det.

Magnell seier han har stor tillit til rådmannen, sjølv om ho vil skyve på skuleinvesteringar SV-representanten meiner er naudsynte nå.

– Eg er redd vi berre ser byrjinga på den økonomiske situasjonen framover. Det kan bli veldig ille. Eg ser mørkt på den økonomiske framtida.

Ved nyttår var Stranda på fjerdeplass på gjeldstabellen i Kommune-Norge. På toppen finn vi Bjugn. Men der fortel ikkje tala heile sanninga. Kommunen har lagt ut for ein vidaregåande skule, som fylkeskommunen no skal ta over. Derfor vil Bjugn forsvinne frå gjeldstoppen om kort tid.

Hammerfest låg óg på topp tre-lista ved nyttår. Ordførar Alf E. Jakobsen (Ap) har fått mykje merksemd for at kommunen som no får 150 millionar kroner årleg i eigedomsskatt frå Melkøya-anlegget, samstundes har tatt opp store lån.

Jakobsen angrar ikkje på strategien, men seier kommunen ikkje kan halde fram slik.

– I 2002, då vi fekk vedtaket om utbygging, kunne du sjå at byen var nedslitt, og at det ikkje var mykje pengar blant folk. Vi måtte investere for å vere attraktive for næringsliv og folk. Strategien har vore vellukka. Folketalet har auka igjen, med om lag 1.000 personar, og vi veks framleis mykje.

Ordføraren vedgår at låg rente har vore ein stor fordel.

– No må vi dempe investeringsnivået. Vi vil få problem om renta stig. Vi har kontroll, men kan ikkje nytte så stor del av inntektene til renter og avdrag i framtida.

Ullensaker har tidlegare vore på gjeldstoppen, men har no ramla litt ned på tabellen. Ordførar Harald Espelund (Frp) peikar på at Gardermoen høyrer heime i kommunen, noko som er ei viktig forklaring påhøg gjeld.

– Noko av det mest tullete eg høyrer, er at Ullensaker er i ei gjeldskrise. Då maktar ein ikkje å sjå langsiktig. Veksten har vore formidabel dei siste 12 åra. Vi må ha plass til 200 nye elevar kvart år, vi skal ha vatn og kloakk til dei som flyttar inn. Difor har vi høg gjeld. Vi har gjort det mange andre burde, vi har rusta opp skulane, bygd fire nye sjukeheimar og reinseanlegg til 300 millionar kroner.

Espelund kritiserer staten for ikkje å følgje opp hovudflyplassen med veger og anna, noko som aukar behovet for kommunale investeringar, meiner ordføraren.

Men Espelund ønskjer ikkje å ha stor gjeld i framtida. Han føreslår å selje eit område på nær 250 mål i Jessheim sentrum, som kan nyttast til bustadar. Prislapp: 1 milliard kroner, om ordføraren har talent som eigedomsmeklar.

– Eg ønskjer at vi skal kvitte oss med 1,5 milliardar kroner vi har i gjeld. Det kan vi få til på tre år. Difor stiller eg óg som ordførarkandidat, eg vil ha ein periode til for å rydde opp i gjelda.

Ullensaker-ordføraren vil gjerne ha ein ny målestokk for gjelda i kommunane. Utlån og lån innan sjølvfinansierande områder burde ikkje vore med i tala.

KS arbeider med å finne eit betre tal for netto lånegjeld, enn det ein finn i Kostra i dag. Mellom anna prøver ein å ta omsyn til at kommunane óg har renteinntekter. Netto renteberande gjeld er om lag 60 prosent av netto lånegjeld i kommunane.

I jeepen på veg ned frå toppen av Strandafjellet, strekar ordførar Sve i Stranda under at han ikkje ville gått inn for utbyggingane om det ikkje var for at kommunen allereie hadde 1 million turistar til Geiranger. Sjølv om det er få skip som har bestilt plass ved den nye cruisekaia, er Sve optimist og trygg på at både hamn og skianlegg kjem til å gå rundt økonomisk.

– Sjølvsagt er det risiko. Men kommunestyret vurderte risikoen ved ikkje å gjere noko som langt større. Tenk då Stranda tok i mot Stabburet; det var ein mykje større risiko. Utan det dei gjorde den gongen, hadde vi ikkje hatt industri igjen i kommunen. Forsvinn innbyggarane, treng vi ikkje kommunale tenester.

Men Sve vil helst ikkje ha gjelda, han heller.

– Når vi er ferdig med dei store prosjekta i 2012, skal det gå 30–35 år til neste gong vi byggjer noko nytt. Då vil vi ha eit steinbra grunnlag for drifta.

Rådmann Langeland er ikkje heilt samd.

– Vi er i startgropa på ein ny plan for pleie og omsorg. Den er ikkje spegla i det heile i økonomiplana. Så at det vil vere naudsynt med investeringar i framtida, er det ikkje tvil om.

Medan turistane kan sjå ut over storslått natur frå toppen av Strandafjellet, kan Stranda sjå fram til mange år på gjeldstoppen i Kommune-Norge.