Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Seljord er Årets nynorskkommune

Godt språkarbeid for barn er blant grunnane til at Seljord kommune får prisen Årets nynorskkommune 2010.

– Juryen har vurdert kandidatane grundig. Særskilt vil eg trekkje fram at vinnaren Seljord kommune driv godt språkarbeid for barn. Eg håpar prisen vil styrkje bruken av nynorsk både i Seljord og i andre kommunar i Telemark, seier kommunal og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp).

Juryen seier mellom anna at Seljord kommune har laga ein plan og eit lokalt verktøy for språkstimulering i barnehagane. Dei har og laga ein plan for lese- og skriveopplæring i grunnskulen. Juryen har også lagt vekt på at kommunen ligg i eit tradisjonelt nynorskfylke, men der nynorsken mange stader likevel er under press.

(©NTB)