Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Røystar mest om nynorsk

Over halvparten av dei lokale folkerøystingane i fjor, var om målform. Men få bryr seg.

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå syner at det var 16 lokale folkerøystingar i fjor. Det er tre fleire enn snittet dei siste åra.

Til saman var det berre 54.700 innbyggarar som hadde høve til å røyste. Frammøtet var berre på 11,7 prosent, syner tala frå SSB.

Ni av røystingane var om målform, tre handla om miljø, to gjekk på spørsmål om territorium, medan to var i SSB-kategorien krets og identitet.

Fire av dei 16 røystingane var ein del av e-valprosjektet. Her var valdeltakinga til dels svært låg, noko som er ein grunn til at oppslutninga om folkerøystingane samla i 2010 var den lågaste som er registrert på 2000-talet.

Held ein e-valrøystingane utanom, var valdeltakinga 43,9 prosent ved dei siste 12 lokale folkerøystingane.

Dei siste ti åra har det vore til saman 125 lokale røystingar, noko som er litt meir enn tiåret før. Sjølv med den låge oppslutninga ved e-vala ligg deltakinga omtrent på same nivå som i førre tiår.

Den viktigaste folkerøystinga i fjor var i Mosvik, der 76,5 prosent røysta om kommunesamanslåing med Inderøy. Om lag 58 prosent røysta ja.

I Osen røysta eit knapt fleirtal for at kommunen ikkje skulle prøve å skifte fylke frå Sør- til Nord-Trøndelag.

Av røystingane om målform førte fem av ni til at bokmål erstatta nynorsk, mellom anna ved ein skule i Steinkjer – den siste i Nord-Trøndelag som nytta nynorsk.