Denne artikkelen er over ett år gammel. Den kan inneholde utdatert informasjon.

Åtte slåss om målpris

Å vere god i nynorsk kan vere lønnsamt. Åtte kommunar kjemper om ære og pengar når prisen for Årets nynorskkommune vert delt ut.

Kommunane Aurland, Bremanger, Vågå, Fjell, Norddal, Vinje, Lindås og Masfjorden konkurrerer om prisen, melder Kommunaldepartementet.

Årets nynorskkommune får 100.000 kroner i premie. Prisen går til ein kommune med nynorsk som målform. Tidlegare vinnarar er Stord i 2009 og Seljord i 2010.

- Vinnaren har gjort ein innsats for å styrkje nynorsken og bruke nynorsk aktivt i tenestene sine. Difor vil vinnaren vere eit førebilete for andre nynorskkommunar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete i ei pressemelding.

- Nynorsk er ein viktig del av den nasjonale kulturarven vår. Nynorsk skapar identitet, tryggleik og frimod. For å styrkje og oppretthalde bruken av nynorsk, må det offentlege bruke nynorsk aktivt i verksemda si. Prisen skal gå til kommunar som arbeider for å styrkje kvaliteten i språket. Men også til dei som aktivt brukar nynorsk for å profilere seg, til dømes ved kulturarrangement eller på heimesidene sine. Å bruke nynorsk i møte med og arbeid for barn og unge er viktig for framtida, seier Navarsete.

Les også: